Vis fram ditt lag/organisasjon i 17.mai toget
07.05.24: Takket vere frivillige i korps, drill og 17.mai nemder har vi kjekke feiringar rundt om i bygdene. Ei stad å møtast, leike, le, feire og vere takksame for at Norge er eit fritt land! I folketoga rundt om har vi staselege uniformerte med skinnande instrument, stavar og faner. Bygdehus fult i liv og røre, med leikar, konkurransar, taler, god mat, underhalding og is:) Vi er takksame for alle dei som stiller opp og gir oss rørande tradisjonell musikk og god stemning rundt om i bygdene og i toga.
Born og vaksne smilar og veivar med flagg og ropar Hipp hipp hurra !
Frivilligsentralane vil oppfordre også andre lag og frivillige om å ta med seg fanene sine og/eller det du har for å vise fram ditt lag/organisasjon denne dagen! Ja, vi elsker dette landet!! Ja, vi elsker frivillige lag og organisasjonar <3