FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal
BUA Eid

BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune. BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbødet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! Ver oppmerksom på at utstyret som er avbilda ikkje alltid er identisk med utstyret vi har tilgjengelig. BUA EID holdt til ved LA-bygget på Langeland. Dersom du har spørsmål om lån av kajakk/kano/SUP ber vi om at du ringer oss i opningstida :)

BUA Selje

BUA Selje har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune. "Utstyrsbiblioteket" er eit resultat av eit bredt samarbeid/satsing nasjonalt og lokalt og er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede.

Eid Frivilligsentral

Eid Frivilligsentral held til i Eidsgata 9 på Nordfjordeid. Vi er eit ressurssenter for frivillige og dei som ønskjer å bli frivillig. Vi har god oversikt over frivillige organisajonar i Stad kommune, vi kan bidra til å få starta nye organisasjonar og aktivitetar og vi kan vise deg veg til aktivitetar som kan interessere deg. Vi er også ein sosial møteplass, og låner ut lokale gratis til frivillige som ønskjer å skape aktivitet.

Frisklivssentralen indre - Stad kommune

Frisklivssentralen er eit tilbod til deg som treng hjelp og motivasjon til å endre fysisk aktivitet, kosthald og tobakksbruk. Målet er betre helse og auka livskvalitet. Tilbodet er for deg som ønskjer å endre livsstil, og for deg som har eller står i fare for å utvikle livsstilsjukdommar.

Frisklivssentralen ytre - Stad kommune

Frisklivssentralen er eit tilbod til deg som treng hjelp og motivasjon til å endre fysisk aktivitet, kosthald og tobakksbruk. Målet er betre helse og auka livskvalitet. Tilbodet er for deg som ønskjer å endre livsstil, og for deg som har eller står i fare for å utvikle livsstilsjukdommar. Du treng ikkje vere sjuk eller ha ein diagnose for å kome i kontakt med frisklivssentralen. Tilbodet er gratis.

Operahuset Nordfjord

Storstova for kultur av alle slag! Konsertar, kurs, kino, møte, bibliotek, konferanse, undervisning, show, events, teater, opera, musikal, messer, dans, selskap, show, revy, private arrangement mm.

Selje Frivilligsentral

Selje Frivilligsentral ligg i 1.etasje på kommunehuset i Selje sentrum. Ta kontakt om du vil vete meir om lokal frivilligheit og deira aktivitetar, møtestadar, tilbod og/eller om du ynskjer å engasjere deg i noko/ melde deg som frivillig.

Stad bibliotek - Nordfjordeid
Kommunal

Velkomen til biblioteket! Kom innom oss for å låne ei bok, lese ei avis eller berre sitte i sofaen og nyte ei roleg stund!

Stad bibliotek - Selje

Stad bibliotek, avdeling Selje ligg samlokalisert med andre kommunale tenester i Innbyggjartorget i Kommunehuset 1. etasje.

Stad kino

Kinosalen har 105 gode sete og fungerer godt som lokale for møte, kurs og konferansar i tillegg til kino. Eid vidaregåande skule brukar kinosalen som auditorium i undervisninga. Her er stort lerret, mikrofonar og AV-rack for ulike tilkoplingar.

Stad kulturskule
Kommunal

Stad kulturskule tilbyr undervisning i musikk, dans og kunst til barn og unge i alderen 3 til 20 år.

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal