FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Bli med på Gjensidigestiftelsen sitt digitale søkjarmøte

Vurderer du å søkje støtte frå Gjensidigestiftelsen i år (søknadsfrist 01.03.), men er usikker på kva dei gir støtte til og korleis du søkjer? Onsdag 7. februar vert det arrangert digitalt søkjarmøte på Teams kl. 17.00. Bli med, bli med!
Flere nyheter

Vis fram ditt lag/organisasjon i 17.mai toget

Takket vere frivillige i korps, drill og 17.mai nemder har vi kjekke feiringar rundt om i bygdene. Ei stad å møtast, leike, le, feire og vere takksame for at Norge er eit fritt land! I folketoga rundt om har vi staselege uniformerte med skinnande instrument, stavar og faner. Bygdehus fult i liv og røre, med leikar, konkurransar, taler, god mat, underhalding og is:) Vi er takksame for alle dei som stiller opp og gir oss rørande tradisjonell musikk og god stemning rundt om i bygdene og i toga. Born og vaksne smilar og veivar med flagg og ropar Hipp hipp hurra ! Frivilligsentralane vil oppfordre også andre lag og frivillige om å ta med seg fanene sine og/eller det du har for å vise fram ditt lag/organisasjon denne dagen! Ja, vi elsker dette landet!! Ja, vi elsker frivillige lag og organisasjonar <3

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024.

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal