FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang.

Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Utvida svarfrist: 4.desember. (foto: Olin Yri - Fjordabladet)

Svara frå frivilligheta er med å forme framtida. Nettopp ved å  fortelje kva som er bra, kva som er vanskeleg eller utfordrande og kome med å kome med idear og innspel på korleis det kan bli betre og enklare å vere frivillig i Stad.

Har ikkje ditt lag/ organisasjon fått e- post? Ta kontakt med Stad kommune  v/Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223.

Les meir om undersøkinga her:
Stad foreningsportal: Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

Les også fine innlegg i lokalavisene våre:
Fjordenes Tidende - Vil lage felles arena for å løfte fram frivilligheita

Fjordabladet: – Aldri blitt gjort i dette omfanget før 


Flere nyheter

Vis fram ditt lag/organisasjon i 17.mai toget

Takket vere frivillige i korps, drill og 17.mai nemder har vi kjekke feiringar rundt om i bygdene. Ei stad å møtast, leike, le, feire og vere takksame for at Norge er eit fritt land! I folketoga rundt om har vi staselege uniformerte med skinnande instrument, stavar og faner. Bygdehus fult i liv og røre, med leikar, konkurransar, taler, god mat, underhalding og is:) Vi er takksame for alle dei som stiller opp og gir oss rørande tradisjonell musikk og god stemning rundt om i bygdene og i toga. Born og vaksne smilar og veivar med flagg og ropar Hipp hipp hurra ! Frivilligsentralane vil oppfordre også andre lag og frivillige om å ta med seg fanene sine og/eller det du har for å vise fram ditt lag/organisasjon denne dagen! Ja, vi elsker dette landet!! Ja, vi elsker frivillige lag og organisasjonar <3

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024.

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal