-
Vil ditt lag/organisasjon arrangere ein møteplass/aktivitet for born og unge i sommar?
Frivilligsentralane har midlar som skal gå til lag/organisasjon i Stad kommune som melder seg for å lage ei møteplass/aktivitet for born og unge i sommar. Opptil 12 stk. organisasjonar som melder seg, og kan imøtekomme kriteriene, vil bli kontakta og få eit tilskot på 2000 kr til arrangementet. Frist 16.juni. Les meir :
Søk tilskuddsordningen Inkludering i kulturliv
Opptatt av mangfold og inkludering i kulturlivet? Husk å søke innen 15. mai. Frivillige organisasjoner som er registrert i Frivillighetsregisteret kan søke om støtte gjennom tilskuddsordningen.Tilskudd til styrking av barn og unges mulighet for å delta på fellesarenaer innen kunst- og kulturaktiviteter. Formålet med tilskuddsordningen er å gi barn og unge mulighet til å delta i felles kulturaktiviteter på tvers av bl.a. kjønn, etnisitet, funksjonshindringer, sosial- og økonomisk bakgrunn og bosted. Søknadsfrist 15.05.
Del på:
-
Vis fram ditt lag/organisasjon i 17.mai toget
Takket vere frivillige i korps, drill og 17.mai nemder har vi kjekke feiringar rundt om i bygdene. Ei stad å møtast, leike, le, feire og vere takksame for at Norge er eit fritt land! I folketoga rundt om har vi staselege uniformerte med skinnande instrument, stavar og faner. Bygdehus fult i liv og røre, med leikar, konkurransar, taler, god mat, underhalding og is:) Vi er takksame for alle dei som stiller opp og gir oss rørande tradisjonell musikk og god stemning rundt om i bygdene og i toga. Born og vaksne smilar og veivar med flagg og ropar Hipp hipp hurra ! Frivilligsentralane vil oppfordre også andre lag og frivillige om å ta med seg fanene sine og/eller det du har for å vise fram ditt lag/organisasjon denne dagen! Ja, vi elsker dette landet!! Ja, vi elsker frivillige lag og organisasjonar <3
-
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
-
Samandrag frå Frivilligkvelden
Her kan ein lese samandrag frå Frivilligkvelden, Bryggja, 24.januar 2024. Alle innspela frå dei ulike gruppearbeida blir med vidare i arbeidet med ny frivilligpolitisk plattform. Takk til alle som bidrog med sinn kunnskap. Det var ein kjekk og svært nyttig kveld.
-
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024.