FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Til deltakarane på Frivilligkvelden 24. januar: No kan du gå inn å velje temabord

Den gode dialogen mellom deltakarane er noko av det viktigaste på Frivilligkvelden. Alle skal difor delta på eit dialogbord. Med utangspunkt i tema som har vore spelt inn og tema frå kartlegginga av Frivilligheita i Stad har vi laga 13 dialogbord som du kan velje mellom:

1 Fleire aktive heimebuande eldre
2 Aktivitet for eldre på institusjon
3 Fleire aktive personar med nedsett funksjonsevne
4 Fleire aktive busette flyktningar
5 Fleire aktive born og unge
6 Rekruttere fleire medlemmer/deltakarar
7 Rekruttere tillitsvalde
8 Frivillige i beredskapsoppgåver
9 Samarbeid med kommunen
10 Samarbeid mellom frivillige organisasjonar
11 Tilskot til aktivitet og drift
12 Tilskot til større prosjekt
13 Lokaler til aktivitet og drift

Finn ut kva for 2 tema som engasjerer deg mest, fyll ut skjema nedanfor og send inn.

Spørreskjema er stengt


Flere nyheter

Vis fram ditt lag/organisasjon i 17.mai toget

Takket vere frivillige i korps, drill og 17.mai nemder har vi kjekke feiringar rundt om i bygdene. Ei stad å møtast, leike, le, feire og vere takksame for at Norge er eit fritt land! I folketoga rundt om har vi staselege uniformerte med skinnande instrument, stavar og faner. Bygdehus fult i liv og røre, med leikar, konkurransar, taler, god mat, underhalding og is:) Vi er takksame for alle dei som stiller opp og gir oss rørande tradisjonell musikk og god stemning rundt om i bygdene og i toga. Born og vaksne smilar og veivar med flagg og ropar Hipp hipp hurra ! Frivilligsentralane vil oppfordre også andre lag og frivillige om å ta med seg fanene sine og/eller det du har for å vise fram ditt lag/organisasjon denne dagen! Ja, vi elsker dette landet!! Ja, vi elsker frivillige lag og organisasjonar <3

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024.

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal