FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Vil ditt lag/organisasjon arrangere ein møteplass/aktivitet for born og unge i sommar?

Frivilligsentralane har midlar som skal gå til lag/organisasjon i Stad kommune som melder seg for å lage ein møteplass/aktivitet for born og unge i sommar. Første tolv organisasjonar som melder seg, og kan imøtekomme kriteriene, vil bli kontakta og få eit tilskot på 2000 kr til arrangementet. Frist 31.juli Les meir :

Arrangementet må: (Kriteria)
-vere ein stad i Stad kommune
-arrangerast som ein del av sommermøteplass med sommarhjelper innanfor tidspunktet mandag - fredag 11.00 - 17.00/ Nokre dagar 14.00 - 20.00
- vere for alle born og unge / Open, trygg og inkluderande møteplass/aktivitet,
-ha gratis inngang


Arrangør kan:
- låne/benytte seg av aktivitetsutstyr frå BUA
- samarbeide med Sommarhjelp-ungdommane.
Det kan vere hjelp med marknadsføring, låne i BUA  og/ eller praktisk hjelp på arrangementet om det er i deira arbeidstid og i nærleiken.
(Meir info om Sommerhjelpene her)
- Nytte LTU midlar om det gjeld  arrangement for ungdom 13 - 19 år.
(meir info får ein om ein vel ja på ønskje om å nytte Lokale transportmidlar)

Arrangør vil :
-få utbetalt eit tilskot på 2000 kr
- få hjelp av frivilligsentralane og sommarhjelpene til å marknadsføre arrangementet
- bli meir synleg for målgruppa og kanskje til og med ha ringverknadar med nye medlemmar til hausten?  
 

Fyll ut denne skjema og du vil bli kontakta: Frist 31.juli.

Spørreskjema er stengt


Bilder frå nokon av møteplassane i fjor sommar: 







Flere nyheter

No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland!

På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.

Her kan du sjå bilder frå det flotte Innbyggjartreffet og Inspirasjonssamlinga

Takk til alle som stilte på stand og lagde ein skikkeleig festdag for frivilligheita og innbyggjarane /publikum. Innbyggjartreffet vart opna av Ordførar Judith Kvåle og Stad kulturskule v/ Olga Pavlova. 32 stand frå frivillige lag/org frå heile kommunen og infotorg frå Stad kommune kunne vise til eit breitt tilbod og hadde mange kjekke aktivitetar. Kakene var nydelige, kakeskjærarane var flinke og blide, folk smilte og prata ilag. Det var Rett og slett god stemning og ei kjekk tid ilag. Tidlegare på dagen hadde lag og organisasjonar ei inspirasjonssamling der blant anna Geir Arne Solheim frå Nordfjordkompaniet hadde innlegg og inspirerte oss med sine tankar rundt rekruttering. Her kan du sjå bilde frå dagen:

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal