FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Samandrag frå Frivilligkvelden

Her kan ein lese samandrag frå Frivilligkvelden, Bryggja, 24.januar 2024. Alle innspela frå dei ulike gruppearbeida blir med vidare i arbeidet med ny frivilligpolitisk plattform. Takk til alle som bidrog med sinn kunnskap. Det var ein kjekk og svært nyttig kveld.

Les samandraget her: Samandrag Frivilligkveld 2024 (2)

Flere nyheter

No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland!

På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.

Her kan du sjå bilder frå det flotte Innbyggjartreffet og Inspirasjonssamlinga

Takk til alle som stilte på stand og lagde ein skikkeleig festdag for frivilligheita og innbyggjarane /publikum. Innbyggjartreffet vart opna av Ordførar Judith Kvåle og Stad kulturskule v/ Olga Pavlova. 32 stand frå frivillige lag/org frå heile kommunen og infotorg frå Stad kommune kunne vise til eit breitt tilbod og hadde mange kjekke aktivitetar. Kakene var nydelige, kakeskjærarane var flinke og blide, folk smilte og prata ilag. Det var Rett og slett god stemning og ei kjekk tid ilag. Tidlegare på dagen hadde lag og organisasjonar ei inspirasjonssamling der blant anna Geir Arne Solheim frå Nordfjordkompaniet hadde innlegg og inspirerte oss med sine tankar rundt rekruttering. Her kan du sjå bilde frå dagen:

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal