FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Det er med sorg vi alle har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Regjeringa har fastsett nasjonal sørgeperiode frå fredag 28. august og fram til gravferda onsdag 9. september.​ På gravferdsdagen blir Kong Harald minna med eitt minutts stille over heile landet, frå kl. 13.00 til 13.01. Gravferda vil bli vist på frivilligsentral/bibliotek på Eid og i Selje. Dei som ønskjer det, er de velkomne til å vere saman i sorga og følgje gravferda i fellesskap.

Sjå her for :meir informasjon

Kong Harald har ved mange høve løfta fram frivillig innsats og anerkjent verdien av lag, organisasjonar og menneske som stiller opp for fellesskapet. Han har sett kor viktig frivilligheita er for lokalsamfunn over heile landet.

Vi minnas Kong Harald med respekt og takksemd

Regjeringa har laga ei eiga rettleiing med råd til mellom anna lag, organisasjonar og arrangørar om korleis ein kan forhalde seg til den nasjonale sørgeperioden.

[Les regjeringa sine råd om den nasjonale sørgeperioden]

Stad kommune har også samla lokal informasjon 
om Kong Haralds bortgang.
[Les informasjon frå Stad kommune  – Kong Harald V er død]


Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal