Kong Harald V si gravferd - Velkomne til å vere saman i sorga og følgje gravferda i fellesskap
Det er med sorg vi alle har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. For dei som ønskjer det, er de velkomne til å vere saman i sorga og følgje gravferda i fellesskap. Gravferda til kong Harald vil bli vist på frivilligsentral/bibliotek både på Eid og I Selje. (Sophuslie- vegen 3 6770 Nordfjordeid og Nabben 80 6740 Selje)Kong Harald har ved mange høve løfta fram frivillig innsats og anerkjent verdien av lag, organisasjonar og menneske som stiller opp for fellesskapet. Han har sett kor viktig frivilligheita er for lokalsamfunn over heile landet.
Regjeringa har fastsett nasjonal sørgeperiode frå fredag 28. august og fram til gravferda onsdag 9. september.
På gravferdsdagen blir Kong Harald minna med eitt minutts stille over heile landet, frå kl. 13.00 til 13.01.
Regjeringa har laga ei eiga rettleiing med råd til mellom anna lag, organisasjonar og arrangørar om korleis ein kan forhalde seg til den nasjonale sørgeperioden.
[Les regjeringa sine råd om den nasjonale sørgeperioden]
Stad kommune har også samla lokal informasjon om Kong Haralds bortgang.
[Les informasjon frå Stad kommune – Kong Harald V er død]
Vi minnas Kong Harald med respekt og takksemd.