-
Frivillighetens rolle i Norges beredskap
Frivillighet Norge: Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen har sendt brev til Frivillighet Norge og andre sentrale organisasjoner, der hun løfter fram frivillighetens rolle i Norges beredskap.
Stad kommune sin Frivilligpolitikk 2025-2028
I mars 2025 skal Stad kommunestyre vedta revidert frivilligpolitisk plattform for Stad kommune 2025-2028. Frivilligpolitikken er eit samarbeidsdokument som både kommune og frivillige har bidrege med innspel til. Det er forankra både i Stad kommune sin samfunnsplan og i Temaplan for kultur, at Stad kommune skal ha ein frivilligpolitikk.Slik har dei frivillige bidrege til no:
- Gjennom Frivilligkveld 2023 - Samandrag innspel frivilligkveld
- Gjennom kartlegging av frivilligheita i Stad - hausten 2023 - Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
- Gjennom innspel på Frivilligkvelden 2024 -Samandrag Frivilligkveld 2024
- Gjennom gruppearbeid i samband med Innbyggjartreff 2024 (lenkje til innspel kjem)
I desse dagar blir all denne informasjonen bli samla i eit kunnskapsgrunnlag og eit utkast til ny frivilligpolitikk, som vi sender ut saman med neste nyhendebrev rett før jul.
Det vert ei opa høyring som vert avslutta i starten av februar.
Deretter vert saka meld opp til politisk handsaming i den politiske møterunden i mars.
(Saka vert oppdatert med datoar etterkvart som dei er klare/vedtekne).
Har du innspel til Stad kommune sin frivilligpolitikk som ikkje er kome med i nokre av dokumenta ovanfor, så meld dette inn på skjema nedanfor innan måndag 9. desember.
Her kan du lese gjeldane frivilligpolitisk plattform 2021 - 2024
Del på:
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Vedlagt er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke. Søknadsfristen er 1. september 2026.
-
Vil ditt lag/organisasjon arrangere ein møteplass/aktivitet for born og unge sommaren 2026
Frivilligsentralane har midlar som skal gå til lag/organisasjon i Stad kommune som melder seg for å lage ein møteplass/aktivitet for born og unge i sommar ein stad i Stad. Vi har midlar til totalt 8 org./ arrangement med eit tilskot på 1500 kr. Les om kriteriene og send inn ein enkel søknad. Les meir her:
-
Nyhendebrev 1 2026 - Nytt og Nyttig for frivilligheita i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet digitalt