-
No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland!
På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.
Påmelding - Stand og/eller inspirasjonssamling på Innbyggjartreffet 2024 (for lag, organisasjonar, eigenorganiserte frivillige, tilsette, politikarar og andre interesserte i Stad kommune)
Velkomne til å vise fram dykkar aktivitet/organisasjon på Innbyggjartreffet i Stad 2024. I tillegg ynskjer vi å invitere til inspirasjonssamling for frivillige tidlegare på dagen. Bli med du også i Operahuset Nordfjord - laurdag 31. august 2024. Tema for dagen: LA OSS INVITERE FLEIRE MED - GLEDA VED Å VERE FRIVILLIG!Gode grunnar til at dykkar organisasjon skal delta på innbyggjartreffet:
- Bli synleg og bli kjend med andre organisasjonar - Vis fram alt det flotte arbeidet de gjer!
- Inviter med fleire både på opne aktivitetar og som medlemmer i laget!
- Marknadsfør arrangement der de treng fleire hjelpande hender - spør om nokon vil hjelpe!
- Skap blest om spleisar/innsamlingar og prosjekt de har gåande +++
Kort sagt - BLI MED!
Program for dagen:
kl. 09.30 Registrering for Inspirasjonssamling
kaffi/te og mingling for deltakarane
kl. 10.00 Inspirasjonssamling (Detaljprogram kjem)
Tema: La oss invitere fleire med - gleda ved å vere frivillig!
(for lag, organisasjonar, eigenorganiserte frivillige, tilsette, politikarar og andre interesserte i Stad kommune)
Korleis inspirere til frivilligheit - hovudinnleiing v/Geir Arne Solheim - Nordfjordkompaniet
Spørjerunde og gruppearbeid v / Frivilligsentralane.
ca. kl. 12.15 Pizzalunsj for deltakarane på inspirasjonssamlinga.
kl. 13.00 - 14.00 Rigging av stand til innbyggjartreffet.
kl. 14.00 - 16.00 Innbyggjartreff
NB! Publikum på innbyggjartreffet treng ikkje å melde seg på! Opne dører og gratis inngang.
Frivilligsentralane i Stad og Stad kommune inviterer innbyggjarar, lag, organisasjonar, frivillige og politikarar til det årlege Innbyggjartreffet i Operahuset Nordfjord.
Dette arrangementet er ein gyllen sjanse til å bli kjend med fellesskapet, utforske frivilligheita i kommunen og finne nye fritidsaktivitetar.
Og for lag og organisasjonar å vise alt det fantastiske dei driv med og tilbyr lokalsamfunnet. (lag og org må hugse å melde seg på om dei skal ha stand)
kl. 11.00 - 16.00 Ope bibliotek
kl. 14.00 Opning av innbyggjartreffet
Underhaldingsinnslag
kl.14.00 - 15.00 Stand, aktivitetar og mingling
kl. 15.00 Kakefest
kl. 15.00 - 16.00 Stand, aktivitetar og mingling
kl. 15.30 Kinokiosken opnar
kl. 16.00 Gratis kino
Dette vert storsamling og fest for innbyggjarar, lag og organisasjonar, tilsette og politikarar i Stad kommune. Velkomne til ein kjekk, sosial, engasjerande og lærerik dag i Operahuset Nordfjord
Dei som vil delta på inspirasjonssamling og /eller ha Stand på Innbyggjartreffet må melde seg på via dette skjema:
(Gjeld også for kommunetilsette og kommunestyrerepresentantar)
Del på:
-
Tilskot til inkludering av born og unge i Stad kommune
Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot til aktivitetar retta mot born og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
-
Tilskot til dekning for uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter og deltakaravgift for 2024
Lag og organisasjonar kan no søkje tilskot for uteståande kontigentar og avgifter for 2024. Samla pott som vert delt ut er kr. 90.000. Søknadsfrist 01.11.2024.
-
Her kan du sjå bilder frå det flotte Innbyggjartreffet og Inspirasjonssamlinga
Takk til alle som stilte på stand og lagde ein skikkeleig festdag for frivilligheita og innbyggjarane /publikum. Innbyggjartreffet vart opna av Ordførar Judith Kvåle og Stad kulturskule v/ Olga Pavlova. 32 stand frå frivillige lag/org frå heile kommunen og infotorg frå Stad kommune kunne vise til eit breitt tilbod og hadde mange kjekke aktivitetar. Kakene var nydelige, kakeskjærarane var flinke og blide, folk smilte og prata ilag. Det var Rett og slett god stemning og ei kjekk tid ilag. Tidlegare på dagen hadde lag og organisasjonar ei inspirasjonssamling der blant anna Geir Arne Solheim frå Nordfjordkompaniet hadde innlegg og inspirerte oss med sine tankar rundt rekruttering. Her kan du sjå bilde frå dagen:
-
Kven er dei frivillige - Kven er dei som ikkje er frivillige
Statistisk Sentralbytrå (SSB) og Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor kom med ny statistikk august 2024.