-
No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland!
På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.
Frivilligprisen Vestland - NOMINASJON frist 15.september 2024
Vestland fylkeskommune sin frivilligpris skal motivere, synleggjere og verdsette frivilligheita i fylket. No kan du nominere kandidatar til frivilligprisen 2024!Her kan du lese meir og Frivilligprisen og nominere den/dei du meina bør bli heidra med ein slik pris: FRIVILLIGPRISEN VESTLAND
Les meir nytt og nyttig info for frivillige lag og organisasjonar her: NYTT OG NYTTIG NYHENDEBREV 2/2024
Del på:
-
Tilskot til inkludering av born og unge i Stad kommune
Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot til aktivitetar retta mot born og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
-
Tilskot til dekning for uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter og deltakaravgift for 2024
Lag og organisasjonar kan no søkje tilskot for uteståande kontigentar og avgifter for 2024. Samla pott som vert delt ut er kr. 90.000. Søknadsfrist 01.11.2024.
-
Her kan du sjå bilder frå det flotte Innbyggjartreffet og Inspirasjonssamlinga
Takk til alle som stilte på stand og lagde ein skikkeleig festdag for frivilligheita og innbyggjarane /publikum. Innbyggjartreffet vart opna av Ordførar Judith Kvåle og Stad kulturskule v/ Olga Pavlova. 32 stand frå frivillige lag/org frå heile kommunen og infotorg frå Stad kommune kunne vise til eit breitt tilbod og hadde mange kjekke aktivitetar. Kakene var nydelige, kakeskjærarane var flinke og blide, folk smilte og prata ilag. Det var Rett og slett god stemning og ei kjekk tid ilag. Tidlegare på dagen hadde lag og organisasjonar ei inspirasjonssamling der blant anna Geir Arne Solheim frå Nordfjordkompaniet hadde innlegg og inspirerte oss med sine tankar rundt rekruttering. Her kan du sjå bilde frå dagen:
-
Kven er dei frivillige - Kven er dei som ikkje er frivillige
Statistisk Sentralbytrå (SSB) og Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor kom med ny statistikk august 2024.