FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Prosjekt Juleglede

Også i år har vi eit stort samarbeid om å spre juleglede i heile kommunen. Frivillige, frivilligsentralane, ulike tenester i kommunen og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser og julegåver og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Les meir om korleis det fungerar og korleis du kan støtte og vere med:

Vil du bidra?

Matvarer: Du kan bidra på på fleire måtar. I alle daglegvareforretningar i Stad vil det stå handlevogner der du kan legge opp i matvarer med god haldbarheit som vi legg i matkassene.
 
Julegåver til barn: På Alti Nordfjord står det eit juletre med gåveønskjer frå born i heile kommunen. Der kan du plukke med deg eit ønskje og oppfylle det. Frivilligsentralane og kommunale tenester syt føre at gåva kjem fram til jul.

Julegåve til ein ukjend: Du kan også gi julegåver til ein ukjend /  vaksne eller familiegåver. Vi samlar inn heimestrikk og/eller gåvekort: Lever til Sunnkost på Alti Nordfjord, eller til Selje Frivilligsentral.  Gåvene blir delt ut på sama måte som i dei andre prosjekta.

Pengegåve: Vi er mange organisasjonar som er med på dette, men har felles pengeinnsamling gjennom Eid Røde Kors. Dei som ønskjer å støtte kan sende pengar på VIPPS til 21181 eller sett beløpet inn på Eid Røde kors sin konto 3705.45.32505, merk betaling/VIPPS med Juleglede i Stad.


Er det bedrifter som ønskjer å støtte og samstundes få gåva innberetta til skattetrekk for dette av Røde Kors så må de:

a. Føre beløpet på kontonummer: 1506 50 79280 (tilhøyrer Røde Kors sentralt).

b. Merke pengegåva: «Eid Røde Kors», då går pengane til den humanitære aktiviteten i regi av Eid Røde Kors. Om dette vert gløymt vil pengane gå til anna viktig humanitær aktivitet i Norge.

c. Sende ein epost til thomas.brekke@rodekors.org og gi beskjed om kva bedrift som har støtta og beløpet de har støtta med.

Storleiken på gåver som vert innberetta er minimum kr. 500,- og maks 25.000,- (samla gåvebeløpt til organisasjon gjennom året). 

Treng du ei matkasse eller ei gåve?
 Dersom du er i ei lavinntektshushaldning i Stad kommune, treng ei gåve eller ei matkasse, og du ikkje er i kontakt med NAv, Barnevern eller andre tenester i kommunen - / ingen har spurt deg om du treng det.
Då kan du ta direkte kontakt med Selje frivillig sentral eller Eid Frivilligsentral  på tlf. 41460042 eller helst fylle ut skjema som du finn her, så kan vi ordne det aller meste.

Med helsing

Selje Røde Kors, Selje Sanitetsforening, Bryggja Sanitetsforening, Kjølsdalen Sanitetsforening, Nordfjordeid Sanitetsforening, Eid Røde Kors, Alti Nordfjord, Stad kyrkjelege fellesråd, Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral








Plakat :
prosjekt_juleglede_2026_50x70

Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal