-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Tilskudd til inkludering av barn og unge
Tilskudd til aktiviteter rettet mot barn og unge som står i fare for å havne i utenforskap Søknadsfrist 13. november 2026Målet med tilskotsordninga:
Leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking.
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og tilbod om sommar- og deltidsjobb.
Målgruppe:
Barn og unge i alderen 0–24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
Kven kan søkje:
Det er kun frivillige organisasjoner og andre aktører som er registrert i Frivillighetsregisteret på søknadstidspunktet, som kan søke.
Lenke til meir info og søknadsskjema finn du ved å trykke HER
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Det er med sorg vi alle har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Regjeringa har fastsett nasjonal sørgeperiode frå fredag 28. august og fram til gravferda onsdag 9. september. På gravferdsdagen blir Kong Harald minna med eitt minutts stille over heile landet, frå kl. 13.00 til 13.01. Gravferda vil bli vist på frivilligsentral/bibliotek på Eid og i Selje. Dei som ønskjer det, er de velkomne til å vere saman i sorga og følgje gravferda i fellesskap.