-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:Vi treng bøsseberarar i Stad
For at alle husstandar i kommunen skal få besøk, treng vi mange frivillige. Som bøsseberar brukar du om lag to timar på aksjonsdagen. Du kan gå åleine, saman med familie eller vener – og barn kan gjerne vere med i følgje med ein vaksen.
Registrer deg som bøsseberar søndag 18. oktober
Du får meir informasjon om oppmøtestad og utdeling av bøsser når aksjonsdagen nærmar seg.
Dersom du ikkje får registrert deg på nettsida kan du registrere deg ved å ta kontakt med oss på e-post eller telefon:
Stad kommune - kontaktperson
Kristin Otneim Aarsnes
kristin.otneim.aarsnes@stad.kommune.no
Tlf: +47 99604080
Legg ved følgjande informasjon:
- Namn:
- Tlf.nr:
- E-post:
- Kvar i Stad kommune du ønskjer å gå med bøsse
Fleire måtar å bidra på
Også lag, organisasjonar, skular, barnehagar og bedrifter kan engasjere seg. De kan til dømes arrangere ein aktivitet, starte ei digital innsamling eller gi eit bidrag.
Du kan også støtte aksjonen ved å:
- gi eit valfritt beløp på Vipps til 2133
- sende TVA til 2133 og gi 350 kroner
- gi eit bidrag gjennom giversida til TV-aksjonen
TV-aksjonen har samla menneske over heile landet til dugnad sidan 1974. Søndag 18. oktober håpar vi at mange i Stad kommune vil vere med – anten som bøsseberar, givar eller lokal støttespelar!
Saman kan vi gi menneske på flukt eit tryggare heim og håp for framtida.
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Det er med sorg vi alle har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Regjeringa har fastsett nasjonal sørgeperiode frå fredag 28. august og fram til gravferda onsdag 9. september. På gravferdsdagen blir Kong Harald minna med eitt minutts stille over heile landet, frå kl. 13.00 til 13.01. Gravferda vil bli vist på frivilligsentral/bibliotek på Eid og i Selje. Dei som ønskjer det, er de velkomne til å vere saman i sorga og følgje gravferda i fellesskap.