-
Prosjekt Juleglede
Også i år har vi eit stort samarbeid om å spre juleglede i heile kommunen. Frivillige, frivilligsentralane, ulike tenester i kommunen og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser og julegåver og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Les meir om korleis det fungerar og korleis du kan støtte og vere med:
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:Du kan lese meir om Eldreveka ved å trykke her.
Det blir lagt opp til nokre visningar på frivilligsentralane. Det vil då bli lagt ut i kalender på våre nettsider og Stad foreningsportal. Følg med der!
Du kan laste ned programmet her: Program for eldreveka 2026.
Del på:
-
Tilskot til dekning for uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter og deltakaravgift for 2026
Fritidskassa skal dekke kostnader med medlemskontingentar, treningsavgifter, deltakaravgift og utstyr til born og unge i Stad kommune for at dei kan kunne delta i faste organiserte fritidsaktivitetar. Lag og organisasjonar kan no søkje tilskot for uteståande kontigentar og avgifter for 2026. Samla pott som vert delt ut er kr. 70.000. Søknadsfrist 15.11.2026.
-
Tilskudd til inkludering av barn og unge
Tilskudd til aktiviteter rettet mot barn og unge som står i fare for å havne i utenforskap Søknadsfrist 13. november 2026
-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.