FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Vil du bli Digihjelpar?

Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!

Vi i frivilligsentralane i Stad kommune søkjer frivillige som har lyst til å gjere den digitale kvardagen litt enklare for andre.

Som digihjelpar får du opplæring og støtte til å hjelpe med ting som mobil, nettbrett, appar, e-post, BankID, Helsenorge, offentlege tenester og andre digitale utfordringar. Du treng ikkje vere ekspert – det viktigaste er at du er tolmodig, nysgjerrig og likar å hjelpe andre.

Oppdraga kan vere ulike:

  • éin-til-éin rettleiing på bibliotekene på Nordfjordeid og i Selje
  • heimebesøk hos dei som ønskjer det
  • kurs og rettleiing for mindre grupper

Du bestemmer sjølv kva slags oppdrag du vil ta, og kor ofte du vil bidra. Kanskje har du berre tid ein gong iblant – det er heilt fint!


Vi treng frivillige både i indre Stad (Nordfjordeid og omegn) og ytre Stad (Bryggja, Selje, Stadlandet og omegn).

📍 Nordfjordeid: Hovudbiblioteket på Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3
📍 Selje: Selje bibliotek på Selje kommunehus, Nabben 80

Du treng altså ikkje vere digital ekspert. Du treng berre å kunne litt – og ha lyst til å dele det du kan 😊


Vil du bli med?

Svar på spørsmåla i skjemaet under, så tek vi kontakt med deg! 

Vi vil gjerne vite litt meir om deg og kva du kunne tenkje deg å bidra med.
Skjemaet tek berre nokre minutt å fylle ut. Når vi har fått svara dine, tek vi kontakt for ein prat og fortel meir om ordninga.

Skriv gjerne stad og postnummer, f. eks. 6770 Nordfjordeid.
Du kan huke av fleire boksar.
Dette er berre for at vi skal få eit omtrentleg estimat på kapasiteten din til å hjelpe, og er sjølvsagt ikkje bindande.
Du kan huke av fleire boksar.
Send


Flere nyheter

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal