-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Prosjektmedarbeidar for digitalt utanforskap og «Bli med på fritidsaktivitet i Stad».
1. september startar Camilla Solheim Husevåg som prosjektmedarbeidar i frivilligsentralane i Stad kommune. Stillinga er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Bufdir og Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), og Camilla skal fram til sommaren 2027 arbeide med to utviklingsprosjekt.Felles for prosjekta er at dei skal styrkje inkludering og deltaking gjennom betre samarbeid mellom kommunen, frivillige lag og organisasjonar og andre aktørar. Camilla vil derfor vere i kontakt med mange lag, organisasjonar, frivillige og kommunale tenester i tida framover.
Arbeidsstaden vil vere delt mellom Selje og Nordfjordeid, med oppgåver fleire stader i kommunen.
Digital opplæring og hjelp i Stad kommune
Prosjektet «Etablering av faste opplæringsarenaer for digital kompetanse i Stad kommune» er finansiert med prosjektmidlar frå Digitaliseringsdirektoratet.
Hovudmål
Det skal vere enkelt å få digital opplæring og hjelp i Stad kommune.
Prosjektet skal byggje vidare på eksisterande tilbod og samarbeid, og gjere digital hjelp meir tilgjengeleg, føreseieleg og synleg.
Det skal mellom anna:
- etablere faste arenaer for digital hjelp og opplæring i Selje og på Nordfjordeid, med faste og føreseielege tidspunkt for når innbyggjarane kan få hjelp
- prøvast ut oppsøkjande digital hjelp til personar som ikkje sjølve kan møte på dei faste arenaene
- rekrutterast og givast opplæring til frivillige digihjelparar
- leggjast til rette for kurs og opplæring for både frivillige og kommunalt tilsette
- styrkjast eksisterande frivillige miljø som driv med digital opplæring
- samordnast aktivitetar i halvårsprogram
- arbeidast med informasjon og marknadsføring av tilboda.
Prosjektplanen legg særleg vekt på to faste arenaer ved bibliotek/frivilligsentral i Selje og på Nordfjordeid, og på å styrkje frivillige gjennom rekruttering og opplæring av digihjelparar.
Kven er tilbodet for?
Målgruppa er alle innbyggjarar i Stad kommune som ønskjer å bli tryggare digitale brukarar, med særleg merksemd på dei som av ulike grunnar har vanskar med å ta del i den digitale kvardagen.
Kommunalt tilsette som møter desse gruppene er også ei målgruppe.
Frivillige lag og organisasjonar er viktige samarbeidspartar. Prosjektet skal ikkje erstatte det gode frivillige arbeidet som allereie finst, men bidra til å styrkje, samordne og vidareutvikle det.
Bli med på fritidsaktivitet i Stad!
Målet med prosjektet er at fleire born og unge skal få like moglegheiter til å delta i fritidsaktivitetar i Stad kommune.
Det finst mange gode aktivitetstilbod i kommunen, men det kan vere ulike grunnar til at barn og unge ikkje deltek. Det kan mellom anna handle om økonomi, transport, tilrettelegging, informasjon eller at ein ikkje kjenner til tilboda.
Prosjektet skal derfor arbeide med fire hovudområde:
Kartleggje og synleggjere
Vi skal få betre oversikt over kva organiserte fritidsaktivitetar som finst for born og unge, og bidra til at informasjonen er lett å finne og halde oppdatert.
Stad Foreiningsportal og ungfritid.no vil vere viktige verktøy i dette arbeidet.
Finne og redusere barrierar
Vi ønskjer å få meir kunnskap om kva som kan gjere det vanskeleg for barn og unge å delta.
Lag, organisasjonar og andre aktivitetstilbydarar vil vere viktige i dette arbeidet. Prosjektet skal kartleggje kva utfordringar dei opplever, kva kunnskap og støtte dei treng, og kva eksisterande ordningar som kan bidra til å redusere barrierane.
Dette kan til dømes vere økonomiske støtteordningar, transportløysingar, universell tilrettelegging eller betre informasjon til barn, unge og føresette.
Samarbeide og dele kunnskap
Prosjektet skal styrkje samarbeidet mellom frivillige lag og organisasjonar, aktivitetstilbydarar, kommuneorganisasjonen, barn og unge og føresette.
Det skal også arbeidast tett med kommunale tenester som møter barn, unge og familiar, mellom anna gjennom BTI – Betre tverrfagleg innsats.
Målet er at dei som møter barn, unge og familiar skal vite både kva aktivitetar som finst og kva moglegheiter som finst for å hjelpe fleire til å delta.
Byggje varige system
Prosjektet skal ikkje berre kartleggje situasjonen her og no.
Eit viktig resultat skal vere tydelege roller, arbeidsdeling, rutinar og årshjul for korleis kommunen, frivillig sektor og andre aktørar kan samarbeide om inkludering i fritidsaktivitet også etter at prosjektperioden er over.
Kva betyr prosjektet for lag og organisasjonar?
Lag og organisasjonar vil vere sentrale samarbeidspartar i begge prosjekta.
I løpet av prosjektperioden kan Camilla mellom anna ta kontakt for å:
- få informasjon om aktivitetar og tilbod
- høyre kva erfaringar de har med deltaking og barrierar
- kartleggje behov for informasjon, kompetanse eller andre tiltak
- hjelpe med synleggjering av aktivitetar
- samarbeide om digital opplæring eller rekruttering av frivillige digihjelparar
- invitere til møte, kurs eller andre samarbeidsarenaer.
Har laget eller organisasjonen dykkar erfaringar, innspel eller idear som kan vere relevante for prosjekta, ønskjer vi gjerne å høyre frå dykk.
Kulturavdelinga i Stad kommune, ved Eid frivilligsentral og Selje frivilligsentral, håpar prosjekta kan bidra til sterkare samarbeid, betre inkludering og gode system som også kan vere til nytte for frivilligheita i Stad i åra som kjem.
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26