-
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke. Søknadsfristen er 1. september 2026.
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Vedlagt er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.Der er også informasjon om Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, Frivilligkveld til hausten, tilskot til organisasjonar som vil lage aktivitet på ein av sommarmøteplassane og om Eid Frivilligsentral sitt 30 års jubileum.
Neste nyhendebrev er planlagt i første halvdel av august. Men det kan hende at det kjem ei ekstraordinær sommarutgåve før den tid. Følg med, følg med!
Treng de råd og rettleiing i drift av frivillige organisasjonar, så ta kontakt med:
Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 (feriestengt hovudsakleg i veke 29-31)
Selje Frivilligsentral tlf. 95869223 (feriestengt hovudsakleg i veke 22-24)
Ha ein fin sommar!
Nyhendebrev - 2 - 26
Del på:
-
Vil ditt lag/organisasjon arrangere ein møteplass/aktivitet for born og unge sommaren 2026
Frivilligsentralane har midlar som skal gå til lag/organisasjon i Stad kommune som melder seg for å lage ein møteplass/aktivitet for born og unge i sommar ein stad i Stad. Vi har midlar til totalt 8 org./ arrangement med eit tilskot på 1500 kr. Les om kriteriene og send inn ein enkel søknad. Les meir her:
-
Nyhendebrev 1 2026 - Nytt og Nyttig for frivilligheita i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet digitalt
-
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️
-
Julemiddag saman med andre
VIKTIG å melde på innan fristen 8.desember! Ta med i påmeldinga om du treng skyss. Tilbodet gjeld for folk i heile kommunen. Vi fyller opp til det er fullt:)