FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke. Søknadsfristen er 1. september 2026.

Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.

Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist. For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk.

De kan lese meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.

Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal