FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Gje dine innspel til kollektivtilbodet - frist 18. februar

Skyss arbeider no med den årlege ruteendringa for 2026, og Stad kommune ønskjer derfor å få dine innspel. Har du innspel til buss, båt eller ferje der du bur? Skyss går gjennom rutetilbodet for buss, båt og ferje kvart år, med mål om å forbetre og tilpasse tilbodet til kvardagen til dei som reiser. Justeringane blir i hovudsak gjennomførte ved skulestart i august.

Har du eller ditt lag innspel til ruteendringa, så les meir om korleis du kan påvirke og sende inn innspel her:

Gje dine innspel til kollektivtilbodet - frist 18. februar

Veit du at vi har fleire ordningar for bestillingsskyss i Stad kommune? Nedanfor finn du Stad kommune si brosjyre for bestillingsskyss:

Brosjyre bestillingsskyss

Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal