FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Godt nytt år og takk for det som har vore

Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️

Julegledeprosjektet 2025 

Vi er mange i dette store fellesprosjektet og alle spelar ei viktig rolle til at vi får det til.
Takk til alle som har kjøpt gåve og gitt pengegåver, til dei som har pakka og levert matkasser! Takk til dei som tek i mot og til dei i teneste som kjenner til behovet og sørga for at alt kjem fram til rett person.
  

 Over 180 matkasser er pakka og levert til hushaldninga, 104 ønskjetre gåver er innfridd, 228 juleglede gåvekort er delt ut og mange julegåver til ein ukjend er delte ut.
 
 Takk til kvar enkelt privatperson, frivillige, lag /org, bedrifter og andre som har vore med og har vore med og spreidd ekstra juleglede og gjort ein forskjell.
 
 Oversikt over alle som er med i organisering og som har gitt støtte, gåver og praktisk hjelp som har gjort dette mogeleg: 

Eid Røde kors Hjelpekorps og Eid Røde kors Omsorg, Selje Røde kors Hjelpekorps, Selje Røde kors Omsorg, Selje Sanitetsforeining, Nordfjordeid sanitetsforeining, Bryggja Sanitetsforeining, Kjølsdalen Sanitetsforeining, Lions Nordfjordeid, eigenorganiserte frivillige, Alti, Stad vekst, privatpersonar og familiar, Stadlandet skule, Nordfjord AS, Sparebanken 1 Sogn og Fjordane, Trekaffien v / Ervik Sokn, Fiskevegn,Sparebanken Norge
 
 Teneste i Stad kommune: Nav Nordfjord, Barnevernstenesta i Stad, skulehelsetenesta i Stad, Opplæring og integrering i Stad, Bu og miljøtenesta i Stad, kyrkja i Stad, Selje frivilligsentral og Eid Frivilligsentral.

Det er eit fantastisk samarbeid, og vi er så takksame for at dette er mulig å få til.

Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal