FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Foreningsportalen og Tilskuddsportalen – nyttige verktøy for frivilligheita

Med Foreningsportalen får frivilligheita i Stad betre synlegheit, lettare tilgang til nyhende og relevant info. Innnyggjarane får betre oversikt over lag og aktivitetar. På Tilskuddsportalen finn du alle støtteordningar samla på eitt stad. Begge verktøya er gratis for alle lag og org. Ta kontakt med frivilligsentralane om du treng tilgang eller har spørsmål.

Foreningsportalen og Tilskuddsportalen – nyttige verktøy for frivilligheita

 

Gjennom Foreningsportalen og Tilskuddsportalen har lag og organisasjonar fått to digitale verktøy som kan gjere kvardagen enklare – både for dei som driv aktivitetar, og for dei som vil delta.
 
Frivilligheita i Stad har lenge etterlyst ein felles stad for oversikt, kontakt og informasjon. No har vi det! Og vi har hatt det ei stund. 
Det er begynt å bli ganske bra og mange har allerie oppdatert og brukar sida aktivt. Men det er ein god del fleire organisasjonar og massevis av aktivitetar som skjer som ikkje syner på portalen. 


 

Foreningsportalen


 

  • Ein felles nettstad for alle lag og organisasjonar i kommunen.
  • Her finn du kontaktinformasjon, aktivitetar og arrangement samla på eitt stad.
  • Portalen har ein kalender som gir innbyggjarane god oversikt over kva som skjer.
  • Kvart lag kan sjølv enkelt oppdatere informasjon og leggje inn eigne aktivitetar og bilete.
  • Kommunen og frivilligsentralane kan raskt dele informasjon eller sende meldingar ut til aktuelle lag.


 

Fordel: Laget ditt blir meir synleg, fleire får vite om aktivitetane dykkar, og innbyggjarane får lettare tilgang til alt det flotte frivilligheita har å by på.


 
 

Tilskuddsportalen
 

  • Ein samla oversikt over alle tilgjengelege søknadsordningar.
  • Gratis tilgang for alle frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune.
  • Ei verkeleg gullgruve for dei som vil søkje støtte til aktivitetar og utvikling.
     
     

Fordel: De slepp å leite rundt på mange nettsider – her finn de alt på eitt stad og får betre oversikt over moglegheiter for støtte.


 

Korleis kome i gang?
 

For at portalen skal fungere godt, er det viktig at alle lag oppdaterer informasjonen sin og brukar kalenderen aktivt. Mange har alt lagt inn bilete og aktivitetar – vi ønskjer at endå fleire blir med!


 

Om du treng hjelp til å kome i gang, er det enkelt å få hjelp frå frivilligsentralane:
 

  • Maria Helgesen, Selje Frivilligsentral – maria.helgesen@stad.kommune.no | tlf. 958 69 223
    Selje frivilligsentral si NETTSIDE
  • Astrid Grete Torheim, Eid Frivilligsentral – astrid.grete.torheim@stad.kommune.no | tlf. 414 60 042
    Eid Frivilligsentral si NETTSIDE
     

Du kan avtale tid for ein gjennomgang på frivilligsentralen, eller få hjelp over telefon eller Teams.


Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal