FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Informasjon om kulturmidlane i Stad

Stad kommune har fått ein del spørsmål om kulturmidlane for 2025 er utlyst. På grunn av at Stad kommune er innmeldt i ROBEK skal ordninga med kulturmidlar i Stad opp til vurdering i Stad kommunestyre 23 oktober.

Der skal det vurderast om ordninga med kulturmidlar skal vidareførast eller ikkje. Vurderinga omfattar også kulturprisen, ungdomens kulturpris og idrettsprisen.

Informasjon om utfallet av saka vil bli lagt ut på Stad Foreningsportal og  Stad kommune si nettside etter møtet 23. oktober.

Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal