-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Det vert ikkje Innbyggjartreff i 2025
Det har blitt ein tradisjon å starte haustsesongen med Innbyggjartreff i Operahuset Nordfjord. Slik blir det ikkje i år. Den stramme økonomien gjer at kommunen må prioritere dette vekk, men Frivilligsentralane held fram arbeidet med å styrke og synleggjere frivilligheita på andre måtar.Stad kommune har i fleire år arrangert to faste møteplassar for frivilligheita:
Frivilligkveld tidleg på året og Innbyggjartreff på hausten.
På Innbyggjartreffet har både politikarar og innbyggjarar fått høve til å møte frivillige lag og organisasjonar, vere på stand og oppleve aktivitetar.
I år blir det ikkje Innbyggjartreff. Den vanskelege økonomiske situasjonen gjer at kommunen må prioritere ressursane stramt.
– Frivilligheita er like viktig, om ikkje viktigare, i ein sårbar situasjon som no når kommunen står på ROBEK-lista.
Frivilligsentralane vil halde fram med vårt arbeid/oppdrag om å vere bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.
Sjølv om det ikkje blir det store treffet i år, vil Frivilligsentralen blant anna jobbe vidare med å utvikle Stad Foreningsportal, legge til rette for gode rammevilkår for framtida gjennom revidering av Frivilligpolitisk plattform og arbeid i det nye Stad frivilligråd, skape og synleggjere lågterskel møteplassar og halde fram med våre aktivitetar og tilbod v/ frivilligsentralane.
Vi ynskjer og å reise meir ut i bygdene.
Vil di bygd ha besøk av Frivilligsentralen, eller har du tips om ein god stad å sitje ein arbeidsdag eller to? Ta kontakt! Frivilligsentralane har alltid døra open for ein prat.
Hugs og at frivilligsentralene har lokale som frivillige kan nytte gratis til kurs, møter eller arrangement.
Om du vil mimre tilbake og drøyme om betre tider, kan ein sjå dei fine bildene frå Innbyggjartreffet 2024 : Trykk HER
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26