-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Mange spennande og relevante tema på Speed-dating
Det vert to økter med Speed-dating/Hurtigmøte på Frivilligkvelden. Første økta er det tilsette frå Stad kommune som presenterer aktivitetar og tiltak vi kan få til samarbeid om. Den startar kl. 19.00. Andre økta er inspirerande aktivitetar frå frivilligheita i Stad. Alle må melde seg 2 alternativ i kvar økt.Her er oversikt over dei tema ein kan melde seg på på Speed-datingen:
Første økta - samarbeid kommunen ønskjer å få til:
Bord 1 Tilskuddsportalen - korleis bruke ein portal med over 2700 tilkotsordningar v/Astrid Grete Torheim (Frivilligsentral)
Bord 2 Foreningsportalen - Bli synleg på Stad Foreningsportal - her får du vite korleis. v/Maria Helgesen (Frivilligsentral)
Bord 3 Språkkafè - å skape ein kjekk fleirkulturell møtestad v/Eli Eide Årevik (Innbyggjartorget - Selje)
Bord 4 Dette vil heimetenesta i Stad gjerne samarbeide om - aktivitetar heimetenesta og frivillige kan samarbeide om v/Anne Dybedal Berteig (Heimetenesta)
Bord 5 Sansehage - engasjement for å skape gode sansehagar v/Kristin O. Aarsnes (Strategi- og samordning)
Bord 6 Dette vil institusjonane i Stad gjerne samarbeide om - aktivitetar institusjonane og frivillige kan samarbeide om v/Heidi Munch Starheim (einingsleiar institusjon)
Bord 7 Leksehjelp - finnest det frivillige som vil vere leksehjelp v/Gro Iren Nedreberg (Opplæring og integrering)
Bord 8 Flyktningfadder/språkvenn/fritidskontakt - flyktningar treng lokalt sosialt sosialt nettverk. Korleis legge tilrette for det? v/Nina Tomasgard og Linn Therese Sundal (Opplæring og integrering)
Bord 9 Neste steg v/prosjekt for å auke kvaliteten i tenestene kommunane gjev gruppa innvandrarar/flyktningar. Korleis kan lag og organisasjonar bidra v/Anna Natalie Martini (NAV Nordfjord)
Bord 10 Grøn skjøtsel rundt institusjonar Kan frivillige bidra til trivsel rundt kommunale bygg? Kan vi få til samskaping på det? v/Tore Nyhammer Taklo (Eigedom)
Bord 11 Sentrumsgartnar - er det områder i Nordfjordeid sentrum som er er eigna for samskaping/frivillig arbeid når det gjeld vedlikehald/grøn skjøtsel.v/Hilde Hovden (Kommunalteknikk)
Bord 12 Familielaurdag på Operahuset - Har frivillige organisasjonar lyst til å vere med på dette? v/Janne Mari Hjelle
Økt 2 - inspirerande aktivitetar frå frivilligheita i Stad:
Bord 1 Innsats for andre - ungdomsprosjekt i Selje v/elevar frå Selje skule
Bord 2 Sterk og stødig trim - balanse og styrketrening for 65? v/Eid Pensjonistlag Irene Wedvik og Bodil Sønderland
Bord 3 Sommarglede for alle med Torda 4H v/Troda 4H/Eid 4H nemnd Camilla Nesheim og Dianne Eikaas
Bord 4 Friluftslivets år 2025 og "Heile Noreg et ute" - 19/10 v/Eid Jeger og fiskelag/ Fellesanlegget Tua Ove Bjørlo
Bord 5 Prosjekt Nøysom - redesign, dyrk din eigen mat m.m. v/Kjølsdalen Bygdekvinnelag Heidi Berstad
Bord 6 Eid Tigers - tilrettelegging aktivitet for personar med nedsett funksjonsevne v/Eid IL handball Ann Elin Leftwich
Bord 7 Lys i Bygda samarbeid med Teater Vestland v/Bryggja Grendahus SA Marie Kristine Kroken
Bord 8 Brukt og brukandes - bruktbutikk i Selje v/Selje sanitetsforening
Bord 9 Stad Sjøredningsklubb sin Kidz Club og om sjøsikkerhet v/Stad sjøredningsklubb Merete Stave
Bord 10 Ikkje heilt avklara (Bygging av hall eller bygdeutvikling)
Bord 11 Tilskuddsportalen v/Astrid Grete Torheim
Bord 12 Foreningsportalen v/Maria Helgesen
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26