-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Årets TV-aksjon til Atlas-alliansen: Sett av 19.oktober - til å vere bøssebærar?
Tenk deg at flyalarmen går i Kharkiv. Alle klassekameratane dine stormar ned i bomberommet, medan du vert vert sittande igjen åleine og redd: Bomberommet på skulen er ikkje tilrettelagt for deg og rullestolen din. Gjennom årets TV-aksjon den 19. oktober skal Atlas-alliansen gi hjelp til menneske med funksjonsnedsettingar i land som er råka av krig, kriser og fattigdom.Nesten 1,3 milliarder menneske i verda ( 16 prosent*) har ei funksjonsnedsetting, og dette gjer dei til verdas største minoritet. Mange av desse lever i fattigdom og har dårleg eller liten tilgang til utdanning og helsehjelp. I tillegg har talet på menneske med funksjonshemmingar auka dramatisk i konflikt- og krigsområde dei siste åra. I Palestina risikerar no ein heil generasjon barn å vekse opp med alvorlege funksjonsnedsettingar på grunn av krigen.
Pengane skal gå til skulegang, helsetenester, naudhjelp, og hjelpemiddel som rullestolar, krykker, briller og proteser. I krig og konflikt er menneske med funksjonsnedsettingar ekstra sårbare, og nokon vert og forlétne åleine i krigssoner utan høve til å få hjelp.
Årets TV-aksjon skal sørge for at naudhjelp kjem fram til funksjonshemma, og at 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv.
- År etter år mobiliserar heile Noreg for å gjere ein skilnad. Bøsseberarar, alle som gir, kommunar, frivilligsentralar, skular, barnehagar, næringsliv og andre deltek på mange viktige måtar. Gjennom innsatsen deira byggjer vi eit fellesskap som strekkjer seg over heile landet inn mot aksjonsdagen, seier Nina E. Larsen som er leiar for NRK TV-aksjonen.
Ho oppmodar alle frivillege og organisasjonar til å sette av søndag 19. oktober til TV-aksjonen og bli med på verdas største dugnad.
Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for menneske med funksjonsnedsetjingar.
Organisasjonane er Norges Handikapforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norges Blindeforbund, Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Ryggmargsbrokk- og Hydrocefalusforeningen, Mental Helse Ungdom, Norges Døveforbund og Stiftelsen Signo.
-Di støtte til TV-aksjonen 2025 kan bidra til varige endringar som gir auka livskvalitet, respekt og fridom, seier dagleg leiar Marit Sørheim i Atlas-alliansen
Alliansen har drive bistand- og påverknadsarbeid for funksjonshemma sine rettar i over 40 år i land som er råka av krig, kriser og fattigdom.
*Tal frå Verdas Helseorganisasjon, WHO: “Global report on health equity for persons with disabilities”, desember 2022
Bilettekst: Loyce (7 år) er fødd med Cerebral Parese og går på ein inkluderande skule i Vest-Uganda, der barn med og uten funksjonshemmingar går i same klasse. Årets TV-aksjon 19. oktober går til Atlas-alliansen. Foto: Truels Zeiner-Henriksen/ NRK TV-aksjonen.
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26