-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Vil du og din organisasjon inspirere andre på Frivilligkvelden 19. mars?
Har din organisasjon ein spennande aktivitet som andre kan bli inspirerte av, treng de samarbeidspartar i kommunen eller hos andre frivillige organisasjonar til eit prosjekt/aktivitet? Vi treng 12-13 personar/organisasjonar som viser fram sin aktivitet/sitt prosjekt på Frivilligkvelden på Bryggja onsdag 19. mars.Speed-dating/Hurtigmøtet vil gå føre seg slik:
- Heile økta tek 30 minutt og startar kl. 19.45.
- Den som skal presentere og dei som har førehandsmeldt seg til dette tema sit rundt eit bord.
- Eit tema kan ha maksimalt 2 personar som presenterer.
- 19.45- ca.19.55 Ein organisasjon presenterer sin aktivitet/prosjekt på 5-10 minutt.
- ca. 19.55 - 20.10 Dei andre som har førehandsmeldt seg til denne økta får 15-20 minutt til å stille spørsmål, fortelje kva dei kan bidra med, seie noko om kva dei kan bruke denne lærdomen til i sin organisasjon m.m.
- 20.10-20.15 Dei siste 5 minutta brukar vi på å lage samarbeidsavtaler og/eller oppsummere økta i gruppa.
De som presenterer lagar ei kort enkel oppsummering frå økta til oss arrangørane.
Det er ikkje høve til å bruke power-point presentasjon, flipp over eller liknande. Ønskjer de å vise fram bilete frå aktiviteten, eller framheve viktige kvalitetar ved aktiviteten, så lag til fine A4 ark. laminer dei og legg dei ut over bordet. Om du ikkje har lamineringsmaskin, så kan vi hjelpe til med laminering. Det er berre å ta kontakt på epost: astrid.grete.torheim@stad.kommune.no eller telefon 41460042.
Vi veit de driv med mange spennande ting. Her har de høve til å vise dei fram for andre frivillige, kommunetilsette og folkevalde. Er dette interessant for din organisasjon, så fyller du ut skjema nedanfor og sender inn. Frist for påmelding fredag 7. mars.
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26