-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Tusen takk til alle som har bidratt til Juleglede i heile Stad kommmune
Takk til alle frå dei som har kjøpt gåve og gitt pengegåver til dei som har pakka og levert matkasser! Frå dei som tek i mot og til dei i teneste som kjenner til behovet og sørga for at alt kjem fram til rett person. Vi er mange i dette store fellesprosjektet og alle spelar ei viktig rolle til at vi får det til. Riktig God jul til oss alle! I artikkel kan du sjå ei oversikt over alle bidragsytaraneFoto: Anna Irene Wattudal ( Fjordabladet) ((Det er med menn også som frivillige, sjølv om det kun er kvinner på akkurat dette bilde))
160 matkasser er pakka og levert til husholdninga, over 109 ønskjetre gåver er innfridd, nær 220 juleglede gåvekort er delt ut og mange julegåver til ein ukjend er delte ut.
Takk til kvar enkelt privatperson, frivillige, lag /org, bedrifter og andre som har vore med og har vore med og spreidd ekstra juleglede og gjort ein forskjell.
Oversikt over alle som er med i organisering og som har gitt støtte, gåver og praktisk hjelp som har gjort dette mogeleg:
Eid Røde kors Hjelpekorps og Eid Røde kors Omsorg, Selje Røde kors Hjelpekorps, Selje Sanitetsforeining, Nordfjordeid sanitetsforeining, Bryggja Sanitetsforeining, Kjølsdalen Sanitetsforeining, eigenorganiserte frivillige,
Eid handel, Alti, Stad Vekst, privatpersonar og familiar, Stadlandet skule, Nordfjord AS, Filadelfia, Sparebanken 1 Sogn og Fjordane, Lions club Nordfordeid, Rema 1000, Norplan, Utdanningsforbundet, Riksbygg As, Nav Nordfjord, Barnevernstenesta i Stad, skulehelsetenesta i Stad, Opplæring og integrering i Stad, Bu og miljøtenesta i Stad, kyrkja i Stad, Selje frivilligsentral og Eid Frivilligsentral.
Denne lista vil bli forlenga etterkvart som vi får oversikt.
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26