-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Vil du sitte i Stad Frivilligråd (Interimråd 2025)
Det skal dannast eit felles råd for frivilligheita i Stad kommune. Alle som tilhøyrer ein frivillig organisasjon i Stad kommune kan no melde seg opp som kandidat. FRIST FOR Å MELDE INN KANDIDATAR ER 12.marsInterimrådet i Stad skal bestå av 5 - 7 medlemmar som representerer både frivilligheita og Stad kommune.
Frivilligheita skal vere i fleirtal. Det vil bli 3 eller 5 representantar for frivilligheita og 2 representantar frå kommunen.
Representantane frå frivilligheita blir valde på Frivilligkvelden 19.mars. Kommunedirektøren oppnemner kommunen sine representantar.
Rådet skal bestå av representantar frå eit mangfald av frivillige organisasjonar som dekkjer ulike interesseområde og målgrupper. Det er viktig at rådet er geografisk balansert, slik at heile kommunen er representert. I tillegg skal det leggast vekt på kjønnsbalanse.
Interimrådet konstituerer seg på Frivilligkvelden 19.mars og legg plan for første ordinære møte.
Kvifor skal ein danne eit Frivilligråd?
I vedteken frivillig politisk plattform står det at det skal etablerast eit Frivilligråd. Dette er også eit tiltak i Temaplan for kultur i Stad kommune. Eit frivilligråd skal styrke dialogen mellom kommunen og frivillige organisasjonar og bidra til gode vilkår for frivilligheita i Stad kommune. Frivilligrådet i Stad kommune vil vere referansegruppe for frivilligsentralane i Stad. Ut over dette skal interimrådet utarbeide vedtekter og stake ut kursen for det vidare arbeidet i Frivilligrådet frå 2026 og framover.
Ta kontakt med Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223 om du har spørsmål knytta til prosessen og/eller frivilligrådet.
Fyll ut skjema nedanfor dersom du kunne tenkje deg å vere med i Frivilligrådet 2025.
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26