-
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️
FRIVILLIGKVELD I STAD - ONSDAG 19. MARS 2025
Frivilligkveld er ein av to årlege møteplassar mellom frivilligheita og Stad kommune. Vi møtast for å snakke om viktige tema og skal finne ut korleis ein saman best kan legge til rette for frivilligheit i åra framover. Bryggja Grendahus kl.: 17:30 - 20:30. Vi møtest og inspirerer kvarandre! På frivilligkvelden 2025 skal vi m.a. skipe eit Frivilligråd for Stad og presentere Stad kommune sin frivilligpolitikk 2025-2028. Vi har infotorg der vi oppmodar alle om å ha med informasjon om det dykkar lag driv med. Vi ønskjer å få til "speed dating" der vi fortel kvarandre om kjekke aktivitetar/prosjekt.... og ikkje minst ete god mat frå Bakerie A/S på Bryggja. Meld deg på Frivilligkvelden på skjema nedanfor.Velkomne til ein inspirerande, kjekke, sosial og lærerik kveld på Bryggja!
Påmeldinga er opa heilt fram til arrangementsstart, men meld deg gjerne på snarast råd!
- Les meir om Frivilligpolitisk plattform for Stad kommune 2025 - 2028 her.
- Les meir om etablering av Frivilligråd i Stad her
Det vert to økter med Speed-dating/Hurtigmøte på Frivilligkvelden. Første økta er det tilsette frå Stad kommune som presenterer aktivitetar og tiltak vi kan få til samarbeid om. Den startar kl. 19.00. Andre økta er inspirerande aktivitetar frå frivilligheita i Stad. Alle må melde seg 2 alternativ i kvar økt.
Her er oversikt over dei tema ein kan melde seg på på Speed-datingen:
Første økta - samarbeid kommunen ønskjer å få til:
Bord 1 Tilskuddsportalen - korleis bruke ein portal med over 2700 tilkotsordningar v/Astrid Grete Torheim (Frivilligsentral)
Bord 2 Foreningsportalen - Bli synleg på Stad Foreningsportal - her får du vite korleis. v/Maria Helgesen (Frivilligsentral)
Bord 3 Språkkafè - å skape ein kjekk fleirkulturell møtestad v/Eli Eide Årevik (Innbyggjartorget - Selje)
Bord 4 Dette vil heimetenesta i Stad gjerne samarbeide om - aktivitetar heimetenesta og frivillige kan samarbeide om v/Anne Dybedal Berteig (Heimetenesta)
Bord 5 Sansehage - engasjement for å skape gode sansehagar v/Kristin O. Aarsnes (Strategi- og samordning)
Bord 6 Dette vil institusjonane i Stad gjerne samarbeide om - aktivitetar institusjonane og frivillige kan samarbeide om v/Heidi Munch Starheim (einingsleiar institusjon)
Bord 7 Leksehjelp - finnest det frivillige som vil vere leksehjelp v/Gro Iren Nedreberg (Opplæring og integrering)
Bord 8 Flyktningfadder/språkvenn/fritidskontakt - flyktningar treng lokalt sosialt sosialt nettverk. Korleis legge tilrette for det? v/Nina Tomasgard og Linn Therese Sundal (Opplæring og integrering)
Bord 9 Neste steg v/prosjekt for å auke kvaliteten i tenestene kommunane gjev gruppa innvandrarar/flyktningar. Korleis kan lag og organisasjonar bidra v/Anna Natalie Martini (NAV Nordfjord)
Bord 10 Grøn skjøtsel rundt institusjonar Kan frivillige bidra til trivsel rundt kommunale bygg? Kan vi få til samskaping på det? v/Tore Nyhammer Taklo (Eigedom)
Bord 11 Sentrumsgartnar - er det områder i Nordfjordeid sentrum som er er eigna for samskaping/frivillig arbeid når det gjeld vedlikehald/grøn skjøtsel.v/Hilde Hovden (Kommunalteknikk)
Bord 12 Familielaurdag på Operahuset - Har frivillige organisasjonar lyst til å vere med på dette? v/Janne Mari Hjelle
Økt 2 - inspirerande aktivitetar frå frivilligheita i Stad:
Bord 1 Innsats for andre - ungdomsprosjekt i Selje v/elevar frå Selje skule
Bord 2 Sterk og stødig trim - balanse og styrketrening for 65? v/Eid Pensjonistlag Irene Wedvik og Bodil Sønderland
Bord 3 Sommarglede for alle med Torda 4H v/Troda 4H/Eid 4H nemnd Camilla Nesheim og Dianne Eikaas
Bord 4 Friluftslivets år 2025 og "Heile Noreg et ute" - 19/10 v/Eid Jeger og fiskelag/ Fellesanlegget Tua Ove Bjørlo
Bord 5 Prosjekt Nøysom - redesign, dyrk din eigen mat m.m. v/Kjølsdalen Bygdekvinnelag Heidi Berstad
Bord 6 Eid Tigers - tilrettelegging aktivitet for personar med nedsett funksjonsevne v/Eid IL handball Ann Elin Leftwich
Bord 7 Lys i Bygda samarbeid med Teater Vestland v/Bryggja Grendahus SA Marie Kristine Kroken
Bord 8 Brukt og brukandes - bruktbutikk i Selje v/Selje sanitetsforening
Bord 9 Stad Sjøredningsklubb sin Kidz Club og om sjøsikkerhet v/Stad sjøredningsklubb Merete Stave
Bord 10 Ikkje heilt avklara (Bygging av hall eller bygdeutvikling)
Bord 11 Tilskuddsportalen v/Astrid Grete Torheim
Bord 12 Foreningsportalen v/Maria Helgesen
Program for Frivilligkvelden:
kl. 16.30 Oppmøte og rigging for dei som vil dele informasjon på INFO-torget
kl. 17.00 INFO-torg, mingling, registrering.
kl. 17.30 Velkomstprogram/Kulturskulen i Stad
kl. 17.45 Stad kommune sin Frivilligpolitikk 2025-2028
kl. 18.00 Val av Frivilligråd i Stad
kl. 18.15 Frivilligregisteret - det aller vikitgaste å halde oppdatert!
kl. 18.30 Matøkt, mingling og INFO-torg
kl. 19.00 Speed-dating økt 1. Kommunetilsette i Stad informerer om kjekke aktivitetar!
kl. 19.30 Pause, restefest og INFO-torg
kl. 19.45 Speed-dating økt 2. Frivillige i Stad informerer om kjekke aktivitetar (du kan melde på aktivitetar nedanfor)
kl. 20.15 Oppsummering med terningkasting
kl. 20.30 Vel heim
Del på:
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Julemiddag saman med andre
VIKTIG å melde på innan fristen 8.desember! Ta med i påmeldinga om du treng skyss. Tilbodet gjeld for folk i heile kommunen. Vi fyller opp til det er fullt:)
-
Støtt Julegledeprosjekta 2025!
Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!
-
Oklafond 2025
Søk støtte frå Stad kommune sitt Oklafond. Kompensasjonsmidlane skal brukast innanfor det geografiske området som pr. 1. august 2022 har postnummer 6750. Søknadsfristen er 10.11.2025