-
Spelemidlar 2026 - Søknadsfrist 15.oktober 2025
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? Då er søknadsfristen 15. oktober.
Prosjekt Juleglede
Juletida kan vere krevjande for mange. I Stad samlar lag og organisasjonar seg og mobiliserer for å kunne gi litt ekstra juleglede også i år. Oppmodinga går no ut til næringsaktørar, organisasjonar og privatpersonar; Bli med å bidra med pengar, matvarer og gåver! Les meir om samarbeidsprosjektet og korleis ein kan bidra <3I fleire år har beredskapsorganisasjonane Eid Røde kors, Selje Røde kors, Sanitetsforeiningane i Stad (Nordfjordeid, Kjølsdalen, Bryggja og Selje ) saman med handelsnæringa, kyrkja og etatar i kommunen: NAV, opplæring og integreringstenesta, bu –og miljøtenesta, skulehelsetenesta og barnevernet samarbeidd om juleprosjekt for born/unge og hushaldningar som treng det i Stad. Samarbeidet vert koordinert av dei to frivilligsentralane i Stad kommune.
Dette breie samarbeidet sikrar at vi når ut til fleire som kan vere i målgruppa, og gjer at ein som mottakar er anonym. Dei som bidreg som frivillige i prosjektet veit ikkje kven gåvene og matkassene går til. Det er svært viktig at eit slikt samarbeidsprosjekt å nå ut til målgruppa samtidig som ein verner om privatlivet til alle involverte.
Vil ha næringslivet med
Julegledeprosjekta er eit tungt økonomisk løft som initiativtakarane no oppmodar næringsliv, organisasjonar og frivillige om å bli med på. Behovet er stort og ein er avhengige av å vere mange som jobbar ilag for å få dette til. Dei frivillige organisasjonane sender no ut søknader og invitasjonar til å bli med å støtte. Bedrifter og organisasjonar kan også ta kontakt sjølv. Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral kan bidra med meir informasjon.
Matbutikkar kan gjerne gi matvarer. Kva slags matvarer som er på ønskjelista vil stå på plakaten som kjem ut i butikkane no snart.
Slik kan privatpersonar og organisasjonar bidra
Initiativtakarane har fire juleglede prosjekt i år; Matkasse, Juleglede for born, Gåve til ein ukjend og ønskjetre.
Matkasse: Snart vil du sjå handlevogner og innsamlingsbøsser i butikkane. Der kan ein gi varer, kontantar eller sende pengar på VIPPS til Eid Røde Kors. Merk overføringa med matkasse.
Juleglede: (0-18 år)
Vil du bidra til eit gåvekort til born i lavinntektsfamiliar? Då VIPPSar du også til Eid Røde kors og merkar overføringa med "Juleglede 2024"
Gåve til ukjend: (18 + )
Også vaksne ønskjer seg ei gåve til jul.
Heimestrikk og gåvekort er veldig populært!
Gåvene leverast under juletreet på
Alti Nordfjord, eller til Innbyggjartorget i Selje.
Ønskjetre: ( 0 - 19 år)
Gjennom det fine samarbeidet internt i kommunen, får frivilligsentralane inn konkrete ønskjer frå born og unge i målgruppa. Desse ønskja kan ein finne på juletreet på Alti på Nordfjordeid og på juletreet på Innbyggjartorget i Selje.
Vel eit ønskje du har lyst å oppfylle t.d. gut 6 år som ønkjer seg duplobil og jente 12 år som ønskjer seg tøfler . Du kjøper gåva og leverer i ein av butikkane på Alti eller på innbyggjartorget i Selje.
Du kan trygt stole på at gåva kjem fram til rett person.
Juletrea og ønskene kjem opp i slutten av nov.
Håpar på stort engasjement i år også ❤️
Givargleda har vore stor dei siste åra. Utruleg mange har vore med på å gi til andre. I tillegg til mange positive svar på søknadar som vart sendt ut til bankar og lokale bedrifter i fjor, hadde vi også mange andre som var med å bidrog til å spreie juleglede rundt om i heile Stad kommune.
Det var frivillige organisasjonar som gav generøse bidrag, skuleklasser som hadde omvent julekalender og fekk samla inn betydningsfulle summar, over hundre privat personar og familiar som valde ut eit julegåveønskje dei ville oppfylle for nokon og fleire tusen kroner vart samla inn i verdi rundt om i bøsser og handlevogner.
I tillegg var det mange frivillige som pakka og gjorde klart for at tenestene kunne levere ut før jul.
Initiativtakarane har stor tru på at givargleda er på plass i år også!
Vi oppfordrar og til å dele denne artikkelen.
Lag /organisasjonar og bedrifter som gir støtte må gjerne oppfordre andre til å gjere det same.
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til spelemiddelkurs - 16.09.25 kl. 19.00-21.00 eller 25. 09.25 kl 17.00-19.00
Vestland fylkeskommune inviterer til to digitale kurs om spelemiddelordninga. Kursa er for alle som skal søke om spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet for søknadsrunden 2026 eller i framtida.
-
Det vert ikkje Innbyggjartreff i 2025
Det har blitt ein tradisjon å starte haustsesongen med Innbyggjartreff i Operahuset Nordfjord. Slik blir det ikkje i år. Den stramme økonomien gjer at kommunen må prioritere dette vekk, men Frivilligsentralane held fram arbeidet med å styrke og synleggjere frivilligheita på andre måtar.
-
Mange spennande og relevante tema på Speed-dating
Det vert to økter med Speed-dating/Hurtigmøte på Frivilligkvelden. Første økta er det tilsette frå Stad kommune som presenterer aktivitetar og tiltak vi kan få til samarbeid om. Den startar kl. 19.00. Andre økta er inspirerande aktivitetar frå frivilligheita i Stad. Alle må melde seg 2 alternativ i kvar økt.
-
Nytt og nyttig for frivillige i Stad - Nyhendebrev nr. 1/2025
Her kan du lese nyhendebrev nr. 1/2025 av Nytt og nyttig for frivillige i Stad. Her kan du m.a. lese om: