-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland!
På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.Lyst på teaterbesøk i bygda di?
Med eit billettfond med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane håper Teater Vestland å skape endå meir lys i bygdehusa i Sogn og Fjordane.
Kjært barn har mange namn: grendehus, bygdehus, samfunnshus, ungdomslagshus, forsamlingshus, bygda si storstove. Ifølge «Huset i Bygda» si årsmelding for 2022 er det heile 892 forsamlingshus i Vestland fylke, 513 i Hordaland og 367 i Sogn og Fjordane. Som regel er desse husa bygde på dugnad med midlar samla inn av bygdefolket, og tradisjonelt har dei blitt brukte til alt frå fest, bingo, politiske møte, revy, val, bryllaup og gravferder - og teaterframsyningar.
Inspirert etter studietur
Korleis kan Teater Vestland bidra til å blåse liv i desse husa?
— Vi har vore på studietur til Randers regionteater i Danmark, og der har dei fått til ein svært vellukka modell. Forsamlingshusa i regionen søker om å få besøk av teateret og beheld alle billettinntektene sjølve. Vi gjesta ein av spelestadene, og då sat folk og kosa seg med ein treretters, medan teknikarane rigga opp til framsyning. Det var topp stemning, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og held fram:
— Modellen er mogleg fordi teateret blir kompensert av eit billettfond. Vi er så himla heldige at vi har fått pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og med deira støtte kan vi no prøve ut "Lys i bygda” i Sogn og Fjordane i 2025.
Får 1 million kroner
Bygdehusa søker via teaterets heimeside. Kvart år turnerer Teater Vestland med to framsyningar til bygdehus, éi for vaksne og éi for barnefamiliar. Saman skal bygdehuset og teateret jobbe for å få flest mogleg innfor dørene for å oppleve scenekunst. Prisen på teaterbilletten kan publikum velje sjølv, etter Teater Vestland sin prismodell betal-det-du-kan. Gulrota for dei som blir med på laget som engasjerte arrangørar, er at dei beheld alle billettinntektene.
— Vi veit at kultur- og aktivitetstilbod på kveldstid skapar bulyst, og med dette prosjektet, «Lys i bygda», vil grendehusa sitte att med midlar til å skape endå meir aktivitet. Vi takkar den lokale banken for tilliten og gler oss til å gå i gang, seier ein opplagd teatersjef.
Gåva er på 1 million kroner. Den er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Gåva kjem heile Sogn og Fjordane til gode, og «Lys i bygda» skal vere med på å skape nettopp liv og lys i bygdene våre. Dette er eit prosjekt som er vinn-vinn på alle måtar. Ikkje berre vil det gi bygdene i Sogn og Fjordane flotte teateropplevingar, men også inntekter. Å få vere med og bidra er veldig kjekt, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Les meir om ordninga i dette dokumentet Informasjon om samarbeidsmodell Lys i bygda
Beste helsing
Marion Aas Wie
Marknadsrådgivar
Mobil + 47 911 01 335
Storehagen 10, 6800 Førde | www.teatervestland.no
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26