FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Her kan du sjå bilder frå det flotte Innbyggjartreffet og Inspirasjonssamlinga

Takk til alle som stilte på stand og lagde ein skikkeleig festdag for frivilligheita og innbyggjarane /publikum. Innbyggjartreffet vart opna av Ordførar Judith Kvåle og Stad kulturskule v/ Olga Pavlova. 32 stand frå frivillige lag/org frå heile kommunen og infotorg frå Stad kommune kunne vise til eit breitt tilbod og hadde mange kjekke aktivitetar. Kakene var nydelige, kakeskjærarane var flinke og blide, folk smilte og prata ilag. Det var Rett og slett god stemning og ei kjekk tid ilag. Tidlegare på dagen hadde lag og organisasjonar ei inspirasjonssamling der blant anna Geir Arne Solheim frå Nordfjordkompaniet hadde innlegg og inspirerte oss med sine tankar rundt rekruttering. Her kan du sjå bilde frå dagen:




Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal