-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
LA OSS INVITERE FLEIRE MED - GLEDA VED Å VERE FRIVILLIG!
Dette er tema for Inspirasjonssamling for frivillige, folkevalde, kommunetilsette og andre interesserte laurdag 31/8 frå kl. 10.00 - 12.15. Samlinga er i kinosalen i Operahuset Nordfjord. Den vert avslutta med pizzalunsj for alle som vil vere med. Meld deg på ved å bruke påmeldingsskjema nedanfor. Det går også fint å berre møte opp.Program:
09.30 Dørene opnar
- Mingling - Kaffi/te og knask
10.00 Velkomen til inspirasjonssamling v/kultursjef Geir Holmen
10.05 Kven er dei frivillige og kven er dei som ikkje er frivillig?
Presentasjon av rykande fersk forsking frå SSB og Institutt for samfunnsforsking.
10.15 Nye moglegheiter for styrking av frivilligheita i Nordfjord.
- Kvifor er det verdifullt å vere frivillig?
- Kva kan inspirere til å bli frivillig?
v/Geir Arne Solheim - Nordfjordkompaniet
11.00 Beinstrekk og prat
11.15 Gruppearbeid i Hertuginna (evt. Hertugen om vi treng meir plass.
Tema: Marknadsføring av behov for fleire frivillige.
kl. 12.00 Presentasjon av gruppearbeid
ca. kl. 12.15 Pizzalunsj for deltakarane på Inspirasjonssamlinga.
Meld deg på her (det går heit fint å berre møte opp og bli med også):
Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26