FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Frivilligprisen Vestland - NOMINASJON frist 15.september 2024

Vestland fylkeskommune sin frivilligpris skal motivere, synleggjere og verdsette frivilligheita i fylket. No kan du nominere kandidatar til frivilligprisen 2024!

Her kan du lese meir og Frivilligprisen og nominere den/dei du meina bør bli heidra med ein slik pris: FRIVILLIGPRISEN VESTLAND 

Les meir nytt og nyttig info for frivillige lag og organisasjonar her: NYTT OG NYTTIG NYHENDEBREV 2/2024

Flere nyheter

Prosjekt Juleglede

Også i år har vi eit stort samarbeid om å spre juleglede i heile kommunen. Frivillige, frivilligsentralane, ulike tenester i kommunen og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser og julegåver og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Les meir om korleis det fungerar og korleis du kan støtte og vere med:

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal