-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
Vil ditt lag/organisasjon arrangere ein møteplass/aktivitet for born og unge sommaren 2026
Frivilligsentralane har midlar som skal gå til lag/organisasjon i Stad kommune som melder seg for å lage ein møteplass/aktivitet for born og unge i sommar ein stad i Stad. Vi har midlar til totalt 8 org./ arrangement med eit tilskot på 1500 kr. Les om kriteriene og send inn ein enkel søknad. Les meir her:Arrangementet må: (Kriteria)
-vere ein stad i Stad kommune
-arrangerast som ein del av sommermøteplass med sommarhjelper innanfor tidspunktet mandag - fredag 11.00 - 17.00 - onsdag og torsdag 14.00 - 20.00
- vere for alle born og unge / open, trygg og inkluderande møteplass/aktivitet,
-ha gratis inngang
For arrangement som er i andre bygder enn Selje og Nordfjordeid må ein få til å organiserast slik at sommerhjelper kan komme seg dit arrangementet er.
Her må arbeidsleiar og hovudarrangør samsnakkast.
Arrangør kan:
- låne/benytte seg av aktivitetsutstyr frå BUA
- samarbeide med Sommarhjelp-ungdommane.
Det kan vere hjelp med marknadsføring, låne i BUA og/ eller praktisk hjelp på arrangementet om det er i deira arbeidstid og i nærleiken/organisert med skyss v/ behov.
Arrangør vil :
-få utbetalt eit tilskot på 1500 kr
- få hjelp av frivilligsentralane og sommarhjelpene til å marknadsføre arrangementet
- bli meir synleg for målgruppa og kanskje til og med ha ringverknadar med nye medlemmar til hausten?
Fyll ut denne skjema og du vil bli kontakta: Frist 26.juli.
Bilder frå nokon av møteplassane frå tidligare år
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Det er med sorg vi alle har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Regjeringa har fastsett nasjonal sørgeperiode frå fredag 28. august og fram til gravferda onsdag 9. september. På gravferdsdagen blir Kong Harald minna med eitt minutts stille over heile landet, frå kl. 13.00 til 13.01. Gravferda vil bli vist på frivilligsentral/bibliotek på Eid og i Selje. Dei som ønskjer det, er de velkomne til å vere saman i sorga og følgje gravferda i fellesskap.