FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Vis fram ditt lag/organisasjon i 17.mai toget

Takket vere frivillige i korps, drill og 17.mai nemder har vi kjekke feiringar rundt om i bygdene. Ei stad å møtast, leike, le, feire og vere takksame for at Norge er eit fritt land! I folketoga rundt om har vi staselege uniformerte med skinnande instrument, stavar og faner. Bygdehus fult i liv og røre, med leikar, konkurransar, taler, god mat, underhalding og is:) Vi er takksame for alle dei som stiller opp og gir oss rørande tradisjonell musikk og god stemning rundt om i bygdene og i toga. Born og vaksne smilar og veivar med flagg og ropar Hipp hipp hurra ! Frivilligsentralane vil oppfordre også andre lag og frivillige om å ta med seg fanene sine og/eller det du har for å vise fram ditt lag/organisasjon denne dagen! Ja, vi elsker dette landet!! Ja, vi elsker frivillige lag og organisasjonar <3
Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal