FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Er du eller ditt lag interessert i å starte opp treningsgruppe for seniorar?

Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere treningsgruppa Sterk og stødig. Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.

Målgruppa for treninga er vaksne (65+) som opplev endringar i funksjon og balanse. Treninga gjennomførast ein gang i veka. Instruktørane vil få jamleg oppfølging av fysioterapeut. Vi håpar å kunne starte opp grupper i så mange bygdelag som mogleg.

Instruktørkurset består av 3 kursdagar som blir holdt på dagtid 18., 19. og 25. april.

Frist for påmelding er 11. april.

Stad: Bryggja omsorgssenter. Lunsj er inkl.

Ta kontakt med fysio og ergoterapitenesta i Stad kommune
v/fysioterapeut Emilie Nyheim
Tlf.  901 90 404
E post : emilie.nyheim@stad.kommune.no

Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal