FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

Fyller du 75 år i 2024? Kjenner du nokon som fyller 75 i år? Sjå her!!

Då er du evt. den du kjenner velkomen til Stad kommune sin temadag! Vi håpar lag og organisasjonar kan hjelpe til med å dele denne informasjonen med sine medlemmar som er 75 år! Det er viktig å planlegge alderdomen for å kunne bu heime lengst mogleg, ha god helse og eit godt liv. Difor inviterer fysio- og ergoterapitenesta til temadag i Operahuset. Det blir foredrag ved fysio- og ergoterapeutar, samt personale frå brann og Frivilligsentralen. Påmelding innan 3. april (sjå informasjon nedanfor)

Tema for dagen

• Aldersvenleg bustad
• Velferdsteknologi og digital heimeoppfølging
• Syn- og hørselshjelpemiddel
• Branntryggleik
• Fysisk aktivitet
• Frivilligsentralen

I pausene blir det mogleg å kjøpe seg mat i kantina på Eid VGS. Det er begrensa antal plassar. Fyrste mann til mølla!

Hjarteleg velkomen - ta gjerne med ein venn!

Påmelding
Frist for påmelding 3. april

Mari Øyen Hafsås, fysioterapeut,
tlf. 918 29 948,
e-post: mari.oyen.hafsas@stad.kommune.no


Flere nyheter

Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober

Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal