-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang.
Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Utvida svarfrist: 4.desember. (foto: Olin Yri - Fjordabladet)Svara frå frivilligheta er med å forme framtida. Nettopp ved å fortelje kva som er bra, kva som er vanskeleg eller utfordrande og kome med å kome med idear og innspel på korleis det kan bli betre og enklare å vere frivillig i Stad.
Har ikkje ditt lag/ organisasjon fått e- post? Ta kontakt med Stad kommune v/Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223.
Les meir om undersøkinga her:
Stad foreningsportal: Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
Les også fine innlegg i lokalavisene våre:
Fjordenes Tidende - Vil lage felles arena for å løfte fram frivilligheita
Fjordabladet: – Aldri blitt gjort i dette omfanget før

Del på:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26