FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal

Spelemidlar - Søknadsfrist 01.november 2023 for tildeling 2024

Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar? Søknadsfrist er 01.november 2023 for tildeling 2024. Meir informasjon på lenkja nedanfor.
Flere nyheter

Godt nytt år og takk for det som har vore

Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️

Støtt Julegledeprosjekta 2025!

Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal