-
Prosjekt Juleglede
Også i år har vi eit stort samarbeid om å spre juleglede i heile kommunen. Frivillige, frivilligsentralane, ulike tenester i kommunen og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser og julegåver og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Les meir om korleis det fungerar og korleis du kan støtte og vere med:
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
Det skal gjennomførast ei kartlegging av alle frivillige organisasjonar i Stad kommune. Kontaktpersonar for lag og organisasjonar i Stad kommune vil i forkant av denne bli kontakta av Eid eller Selje frivilligsentral der ein vil få meir informasjon om kartlegginga og kvifor det er viktig å få høg svarprosent på den.I telefonsamtala ynskjer å få gitt ein kort informasjon om kartleggingsundersøkinga og oppfordre om å delta slik at vi får ei oppdatert og grundig oversikt over korleis frivilligheita i Stad kommune har det. Det er også ein fin anledning til å bli betre kjent og dele nyttig informasjon og stille spørsmål om ein har.
Det er Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll som på oppdrag frå Stad kommune skal gjennomføre sjølve kartlegginga.
Kontaktpersonar for laget vil få epost med nokre spørsmål ein skal besvare. Spørsmåla dreiar seg om kva vi har av lag og foreiningar: I tillegg vil spørsmåla omhandletema som rekrutering, samarbeid, økonomi, lokale, mål og hindringar. Spørjeskjema vil ta ca. 20-25 min å fylle ut.
Kartlegginga har svarfrist på 26.november
Dersom organisasjonar har spørsmål eller treng hjelp til utfyllinga vil Frivilligsentralane vere tilgjengelege på telefon og epost i heile denne perioden for å kunne bistå.
Kartlegginga vil munne ut i en rapport basert på organisasjonane sine svar og blir grunnlaget for vidare samarbeid om ny frivilligpolitikk frå 2024 .
Det er og ein ypparleg sjanse for innbyggjarane, organisasjonane sjølve og kommunen å få betre oversikt over kva vi har og kva vi kan gjere i lag. Det vil også gjere det lettare å nå målet i Frivilligpolitisk plattform om at det skal vere enkelt å vere frivillig i Stad.
Det å delta på kartlegginga er såleis meget viktig for lokal frivilligheit og lokalsamfunnet vårt.
Oversikta over lokale lag og organisasjonar og deira kontaktpersonar er henta ut i frå Brønnøysundregisteret og frå Stad foreningsportal.
Vi oppfordrar alle om å halde den informasjonen oppdatert og/eller ta kontakt med frivilligsentralen ved spørsmål eller informasjon.
Stad Foreningsportal finn du her: https://stad.foreningsportal.no/foreninger
Del på:
-
Tilskot til dekning for uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter og deltakaravgift for 2026
Fritidskassa skal dekke kostnader med medlemskontingentar, treningsavgifter, deltakaravgift og utstyr til born og unge i Stad kommune for at dei kan kunne delta i faste organiserte fritidsaktivitetar. Lag og organisasjonar kan no søkje tilskot for uteståande kontigentar og avgifter for 2026. Samla pott som vert delt ut er kr. 70.000. Søknadsfrist 15.11.2026.
-
Tilskudd til inkludering av barn og unge
Tilskudd til aktiviteter rettet mot barn og unge som står i fare for å havne i utenforskap Søknadsfrist 13. november 2026
-
Bli med på årets TV-aksjon 18. oktober
Søndag 18. oktober går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen og arbeidet for å hjelpe mennesker på flukt! Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå heimen sin. Nærmare 120 millionar menneske er på flukt i verda, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Pengane frå årets TV-aksjon skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Gaza, Syria, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan. Støtta skal mellom anna gå til naudbustader, rehabilitering av øydelagde heimar, reint vatn, sanitærtiltak og juridisk hjelp. Vi treng bøsseberarar i Stad:
-
Eldreveka 2026 - ein aktiv og god seniorkvardag
Fra 28. september til 2. oktober blir det arrangert mange korte og engasjerande digitale forelesningar fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderende og god seniorkvardag. Nokon vil bli vist på frivillig sentralane, men alle finn du på nett. Les meir: