FORENINGSPORTAL Stad foreningsportal
Onsdag 24 Januar
kl. 17:30 - 20:30
Bryggja grendahus

Frivilligkveld på Bryggja

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

Frivilligkvelden er ein møtestad for frivillige organisasjonar og tilsette/politikarar i Stad kommune. 

Tema i 2024: Korleis er det å vere frivillig i Stad?

Program:
kl. 17.00 - 17.30 Registrering, mingling, rigging av infotorg
Servering av kaffi, te og snacks. Ta gjerne med info, plakat , roll up eller anna til vårt felles INFOTORG.

kl. 17.30 Velkomen v/Bryggja Grendahus
Velkomstprogram v/Bryggja Idrettslag

kl. 17.45 Presentasjon av rapporten frå kartlegginga av frivilligheita i Stad
v/Brita Brekke - Frivillighet Norge
Det vert ein presentasjon på ca. 30 min. deretter vil salen få høve til å stille spørsmål.

ca. kl. 18.30 Kveldsmat, infotorg, prat og bli kjende.

kl. 18.50 Dialogbord med ulike tema/utfordringar frå rapporten
Korleis kan kommune og frivillige løyse desse utfordringane saman.

kl. 19.35 Beinstrekk og påfyll av mat og drikke

kl. 19.45 Vi inspirerer kvarandre med presentasjon av resultat frå alle dialogborda.

kl. 20.25 - 20.30 Avslutning og vel heim

Du kan også kontakte frivilligsentralane. Kom innom eller nå oss på telefon via Sentralbordet, Stad kommune: Tlf. : 578 85 800
Bruk påmeldingsskjema nedanfor ved påmelding. Fyll ut eit skjema pr. deltakar dersom du melder på fleire frå ditt lag.
Velkomne til ein kjekke kveld!

Vi tek med nokre bilete frå Frivilligkvelden 2023:


Påmelding er stengt
Ons 24.01.2024
17:30 - 20:30
Bryggja grendahus
Del på

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal