Filadelfia Stadt Livssyn Vi ynskjer å byggje ein fellesskapskultur, driven av Guds kjærleik til oss, slik av vi kan elske Gud og tjene kvarandre.
Møteplassen - Ungdomsklubb Nærmiljø Møteplassen er ein ungdomsklubb for alderen 13-25 år. Vi har åpent kvar tysdag frå 18.00-21.00. Du kan nytte tilbodet om LTU-taxi til dette arrangementet. Ein betalar 60 kr tur/retur for å nytte seg av tilbodet. Ta kontakt med ungdomsklubben dersom du ønskjer å nytte tilbodet, så bestiller dei taxi.
Stadlandet ungdomslag / Blikken Nærmiljø Stadlandet Ungdomslag er ein frivillig organisasjon tilknytta Noregs Ungdomslag. Laget har sidan starten i 1947 vore ein aktiv kulturformidlar, spesielt innan dans og teater. Ni gonger har laget vorte tildelt fylkeslaget sin aktivitetspris, og har fått Selje kommune sin kulturpris. Laget er eigar og arrangør av Dragseidspelet " På Sverdeggja", som no har vore arrangert 14 gonger. Dei siste 20 åra har det vore satsa mykje på tilbod for unge. I 2005 fekk vi på plass eit eige lokale , Blikken, der så og seie alt barne - og ungdomsarbeid har tilhald , - bl. a. ungdomsklubb fredagskveldane.