

Malakoff Rockfestival
Malakoff
19.-20. JULI 2024/ Malakoffparken på Nordfjordeid/Vestlandet
Ein musikkfestival som blir arrangert kvart år i juli.
"Ei unik festivaloppleving/sommarens høgdepunkt - Pur Malakoff "
Malakoff 2024
19.-20. Juli på NORDFJORDEID.
Ein festival heilt utanom det vanlege
Malakoff er ein musikkfestival som kvart år i veke 29 snur heilt opp ned på vestlandsbygda Nordfjordeid. Ein festival heilt utanom det vanlege reiser seg i den idylliske Malakoffparken, og tusenvis av glade og forventningsfulle festivaldeltakarar stimlar til frå fjern og nær. Festivalen har ein av dei største festivalcampane på vestlandet, der tusenvis overnattar i telt rett ved sidan av konsertområdet. På Nordfjordeid er det kort veg til alt, og alt ligg tilrette for #denbestefestivalopplevinga.
Malakoff har gjennom 20 år løfta fram og presentert ein solid miks av internasjonale, nasjonale og lokale artistar. Sjangermessig overvekt av rock i ulike former, men alltid i kombinasjon med andre aktuelle sjangrar innan populærmusikken.