
Bygdeavisa Tavla
TAVLA er ei bygdeavis for KJølsdalen krins. Den kjem ut ein gong i månaden og vert delt ut gratis til alle husstandar/postkasser i bygdene i krinsen, i tillegg til utsending på e-post for den som er interessert. TAVLA blei starta i 1976 og vert utgjeven av Kjølsdalen Ungdomslag.TAVLA formidlar nyheter om kva som skjer i bygdene i Kjølsdalen krins, arrangement , referat frå møter og ellers det som kan ha interesse for bygdefolket og samhaldet i bygda. Stoff til TAVLA må sendast inn seinast den fyrst i kvar månad, Det er gratis å sende inn annonser og stoff i TAVLA. Arbeidet med redigering, kopiering og utdeling i postkassen i krinsen blir gjort på dugnad.
TAVLA er gratis og vert delt ut i alle postkasser i Kjølsdalen krins. Du kan også lese den på Kjølsdalen Inviterer! | Facebook
Alle som har interesse av nytt frå bygdene i Kjølsdalen krins kan få tilsendt TAVLA på e-post, då må du sende e-post adressa di til diannjor@online.no.