FORENINGSPORTAL Stad foreiningsportal

For lag og foreiningar


Slik oppdaterer du profilen til ditt lag/foreining

Her er ei oppskrift for korleis lag og foreiningar kan oppdatere sin profil og legge inn sine aktivitetar i kalenderen.

Det fine med Stad foreiningsportal er at foreiningar og bedrifter sjølv kan oppdatere sine opplysningar!

For å oppdatere eller legge til ei kalenderoppføring må du først finne di foreining:

  • Finn di foreining i søkefeltet, eller ved å bruke kategoriane i fana «foreining»
  • Kvar organisasjon skal ha fått ei kode som opnar for redigering.
    Nederst til høgre kan du skrive inn koda og trykke på den grønne knappen rediger.
  • Ta kontakt med post@eid.frivilligsentral.no for å få ditt lag eller organisasjon sin kode.
    Frivilligsentralane kan gi ei opplæring og hjelp over telefon.
    Ein kan òg komme innom frivilligsentralane om ein ynskjer hjelp. 
  • Du kan ta vare på lenka - f.eks. med å bokmerke nettsida. 
  • I informasjonsboksen om di foreining, legg ein til relevant informasjon, som til dømes kven som er målgruppa, korleis ein kan melde seg inn, pris for medlemskap/aktivitet og liknande. 


Foreiningar kan oppdatere:

  • Eigne opplysningar (Her kan ein òg legge ut vipps nr. og grasrotmottakar)
  • Bilete og logo
  • Kalenderoppføringar (møter, arrangement, kurs, aktivitetar ++)

Du kan legge ut hendingar som skjer jamleg, som trening, øving, eller ting som skjer ein gong i blant, som dugnadar og loppemarknad.

Ein kan og legge inn emne/ søkjeord som kan gjere det enklare for folk å finne laget ut i frå emne dei er interessert i/på leit etter.

Bileter

Vi brukar to format, som de kan bruke både som logo for di foreining og i kalenderoppføring:

  • Liggande bileter 2:1 (illustrasjon på organisasjon og kalenderoppføring)
     Anbefaler minimum pixelstørrelse 800 x 400
  • Kvadratiske bileter (logo)
     Anbefaler minimum pixelstørrelse 100 x 100

Bileta kan beskjærast etter opplasting.



Søk om tilskot til laget eller foreininga di

Stad kommune abonnerer på Tilskuddsportalen - ein portal der frivillige lag, foreiningar og organisasjonar kan finne aktuelle tilskotsordningar og søkje om midlar til ulike aktivitetar og tiltak.

Gjennom Tilskuddsportalen får du oversikt over eit breitt utval av tilskotsordningar frå offentlege og private aktørar.



Interessert i frivilligpolitikken i Stad?

Her kan du lese Dei frivilligpolitiske boda og Stad kommune si frivilligpolitiske plattform.

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal